Vil ta øksa ut av kyrkja


Vårt Land:
Den norske kyrkja sitt 500 år gamle symbol kan vere på vei ut.

– Korset er også eit mordvåpen, kontrar tilhengjar av Olavsøksa.

Teologisk nemnd i Den norske kyrkja meiner øksa er for voldeleg og vil ha ho ut kyrkja sin logo. I dag held kyrkja seg med eit våpenskjold der eit kors er stilt saman med to økser.

– Vi er kritisk til bruk av øks i merket. Folk assosierer øksa med vald og maktovergrep, seier leiar i nemnda, Stephanie Dietrich.

Øksa symboliserer Heilage Olav sin død på Stiklestad i år 1030. Heilage Olav er den som historisk skal ha kristna Norge, og hans død i slaget på Stiklestad blir difor sett på som ein martyrdød.

– Men kven veit dette? Det er ikkje dette folk først og fremst tenker på når dei ser våpenskjoldet til kyrkja, seier nemndleiaren.

Ungdommens kyrkjemøte har tidlegare gått inn for å fjerne øksa som dei meiner «blir assosiert med makt og i verste fall overgrep».

Knut Lundby, medieprofessor ved Universitetet i Oslo og tidlegare leiarkandidat i Kyrkjerådet, har tidlegare foreslått ein ny logo som er inspirert av rosevindauget i vestfronten på Nidarosdomen. Lundby meiner det er eit kyrkjebygg som «fungerer som eit samlande symbol i folkekyrkja».

 – No har vi ein gyllen sjanse, sidan vi går frå å vere ei statskyrkje til folkekyrkje, seier Stephanie Dietrich.

Ho peiker på at kyrkja sitt våpenskjold på same måte som riksvåpenet er gult og raudt og inneheld ei øks. I riksvåpenet blir øksa halden av ei løve.

– Vil de ikkje ha kyrkja skal ha eit våpenskjold i det heile tatt, men eit heilt anna symbol?

– Det er ikkje vår oppgåve å avgjere. Vi har eit kritisk blikk på Olavsarven som kyrkja marknadsfører seg med. Den bør ikkje vege tyngst for korleis kyrkja skal framstå offentleg.

Kommentarer