Israelhateren Willoch er Hareides forbilde

NRK

Knut Arild Hareide samanliknar seg med Israelhateren Kåre Willoch

Knut Arild Hareide er klar for å løfte KrF til nye høgder, og trekk parallellar til ein Høgre-nestor. Men først tek han med dottera heim til Bømlo for første gang.

– Det Kåre Willoch og eg har til felles, er at dersom du møter oss i ei mørk bakgate, så blir du ikkje veldig redd. Ingen av oss er nokre store muskelmenn, ler Knut Arild Hareide.

KrF-leiaren har tidlegare fått høyre at han treng anabole steroid, fordi han lover å løfte så mykje. Ein humoristisk kommentar som tydeleg også spelar på at kroppsbygginga til Hareide ikkje er blant dei største.



– Men Willoch var ein stor politikar, og fekk til ting likevel, så eg har store ambisjonar for valet, seier partileiaren, som toppar stortingslista for KrF i Hordaland.
Ung folkevald

Han vart fødd i 1972, og er såleis ikkje blant dei eldste på Stortinget. Men trass sin relativt unge alder, har Hareide allereie eit langt politisk liv bak seg. Allereie 18 år gamal vart han folkevald for første gong. Det var i kommunestyret i heimkommunen Bømlo.

– Eg var oppteken av skulespørsmål, og engasjerte meg for at kommunen skulle skape sommarjobbar for ungdom. Det var ikkje like lett å få sommarjobb for ungdom då eg vaks opp som det er i dag, seier Hareide.

Etter politikardebuten har han mellom anna vore politisk rådgjevar i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, og statssekretær i Finansdepartementet.

I 2004 nådde han toppen i norsk partipolitikk, då han vart statsråd i regjeringa til partikollega Kjell Magne Bondevik. I litt over eitt år var han miljøvernminister i Noreg.

Og engasjementet for miljøvern har han framleis.

– Vi treng eit stortingsfleirtal som tar klimautfordringane på alvor, seier Hareide.

– Blir stiv i blikket

Med unntak av eit par veker fri, går sommaren med til valkamp for KrF-politikaren.

– Eg er nok litt stiv i blikket når eg ser fram mot 9. september, seier ein spøkjefull partileiar.

Denne sommaren tar han med dottera si til øykommunen i Sunnhordland. Heime hos foreldra står barnesenga til den knappe tre månader gamle jenta klar i huset Hareide har vakse opp i.

– Eg skal feriere på Vestlandet, og dottera mi skal for første gong besøke Bømlo.

Og i ferien skal den naturglade bømlingen bruke litt tid ute.

– Det å få ein tur på sjøen og gå litt i marka blir veldig kjekt. Eg får ikkje gjort det like mykje som før, for dottera mi har ikkje heilt funne naturen endå, ler småbarnsfaren.

Hjartesak nummer ein

Det er mange politiske område som engasjerer Knut Arild Hareide Han blir ofte spurt om kva som er det viktigaste for han.

– Det er mange som spør meg: "Kva er di sak Knut Arild? Valgerd hadde kontantstøtta, Dagfinn hadde røykelova, og kva er då di sak?". Og eg meiner at eg har ei sak som er nesten større enn røykelova og kontantstøtta til saman, seier Hareide, og forklarar nærare kva han meiner.

– Det handlar om menneskeverdet. KrF vil hjelpe til når livet er på det mest sårbare: I byrjinga av livet, ved slutten av livet og når sjukdom rammar. Eg meiner at vi bør ha eit samfunn med plass til alle. Vi skal ikkje ha returrett på enkelte barn.

Hareide meiner at ein bør løfte opp menneskeverdet i samfunnet, og at barn med ulike eigenskapar har same verdi.

– Samfunnet vårt treng barn med ulike eigenskapar. Det å løfte opp menneskeverdet i alle delar av livet, er mi hjartesak nummer éin, seier den engasjerte politikaren.

– Meir skuffa enn sint

Med eit stort politisk engasjement, følgjer det med mange kjensler. Og sjølv om Knut Arild Hareide vanlegvis verkar som ein roleg mann, kan også han bli sint.

– Er du politisk engasjert, så kan temperamentet ta ein, seier han.

– Kor sint kan du bli?

– Eg trur at når det gjeld debattar om menneskeverd, blir eg meir skuffa enn sint. Men eg er oppteken av at det skal vere tydeleg kva eg meiner, samtidig som eg har respekt for meiningane på den andre sida, seier partileiaren.

Saknar lokalmiljøet

Med studium og arbeid i Bergen og Oslo, har det blitt mange år borte frå Bømlo for Hareide.

– Eg saknar det flotte lokalmiljøet, og engasjementet rundt lokale lag og organisasjonar. Då eg budde heime på Bømlo, var det plass til meg på det lokale fotballaget. Eg trur ikkje det er plass til meg på laga i Oslo, spøker han.

Og han kan ramse opp fleire fordelar med å bu på ein liten plass.

– Du kjenner alle, og ein kan byggje opp eit lokalmiljø saman. Ein arrangerer fotballturneringar saman, og når skulekorpset har basar, så stiller bygda opp. Det miljøet saknar eg veldig, seier bømlingen.

– Avgjerande å like menneske

KrF-leiaren skal vitje alle 19 fylka i Noreg i løpet av valkampen, og har mange hektiske dagar framfor seg før valet den 9. september.

– Det går sjølvsagt mange timar med til ein valkamp, men det kjennest ikkje alltid som ein jobb når eg er ute og treffer folk og står på stand. Det er veldig kjekt, seier Hareide, og fortel at han likar å treffe veljarar.

– Eg trur det er heilt avgjerande å like menneske for å trivast i politikken, seier han.
Ombod for Hordaland

Når ein er både hordalending og partileiar for eit landsdekkjande parti, kan det oppstå konflikt mellom å støtte Hordaland eller resten av landet. Hareide er godt kjend med denne problemstillinga.

– Men sjølv om eg er partileiar, så ønskjer eg ikkje å berre vere rikspolitikar. Eg vil også vere ei ombodsmann for Hordaland. Eit døme er at eg vil arbeide for Hordfast, som vil bidra til å binde fylket saman, seier han, og nemner også andre dømer på saker der han støttar Hordaland.

– Eg meiner at staten bør komme med auka bevillingar til Bybanen i Bergen, slik at vi kan få bygd den hurtigare. Det er noko eg vil jobbe for dersom eg kjem på Stortinget for Hordaland.

Kommentarer