Ser ein ny moralgenerasjon

Vårt Land
av Anders Myklebust

Norske ungdomsleiarar kjenner igjen trenden som viser at unge i rike land meiner at gudstru ikkje er viktig for å ha god moral.

Er gudstrua viktig for moralen? Eldre seier ja, med an unge, særleg i rike land, seier nei. Det viser ei ny undersøking frå Pew Research som papiravisa til Vårt Land omtalar mandag. Leiarar for kristen ungdom er ikkje overraska.

– Også blant unge i Norge er det langt færre unge enn eldre som koplar gudstru til god moral, seier leiar i Norsk Luthersk Misjonssamband Ung, Hans Kristian Skaar.

– Mange av våre ungdommar i KFUK-KFUM vil ikkje nødvendigvis knytte god moral til gudstru. Men dei er nok meir prega av kristne verdiar enn kva dei er bevisst på, seier programsjef Kristian Knapstad.

Les mer i Vårt Land

Kommentarer