Avskaff påska no!

Aftenposten
av Are Kalvø

Det einaste gode religion har gitt oss, er fridagar. Og ikkje eingong det får dei til.

Påska er tida for å stille seg store spørsmål. I påska stiller mange seg store spørsmål som: Kven vann fotbal-VM i 1982? Kva politikar gav ut sjølvbiografien «Alltid freidig» i 1993? I kva fylke ligg Lyngdal?

Men det er berre fordi folk i påska har ein tendens til å sitte på hytter, sjå på regnet, kjede livskiten av seg og prøve å få tida mellom måltida til å gå ved å ta quizane i absolutt alle påskeavisene som samtlige familiemedlemmer melde seg frivillig til å køyre inn til byen for å kjøpe.

Men det finst også større spørsmål. Og då tenker eg ikkje berre på spørsmål som «Kven skåra det avgjerande målet i finalen i mesterligaen i 1999?». Nei, eg tenker på verkelig store spørsmål om det einaste som eigentlig betyr noko: Fridagar.

Her er eit spørsmål til diskusjon: For eit par veker sidan diskuterte kirkemøtet homofili for 689. gong, og også denne gongen vedtok kirkemøtet at vår tid ikkje begynner før det passar kirkemøtet. Så spørsmålet er: Kor lenge skal vi la denne gjengen bestemme når vi skal ha fri?

Det finst unntak, som 1. mai og 17. mai, men stort sett er det kristendommen som bestemmer når vi har fri. Dei fleste fridagane i Norge er kristne. Det finst ei eiga lov der står kva du kan og ikkje kan gjere på desse dagane. Og det i eit land med eit folk som er mellom dei minst religiøse i heile verden. Og no har kirka endå ein gong signalisert at ho ikkje har så lyst til å henge med i tida, skal ho ikkje då få sleppe?

For kor bra har kristendommen eigentlig forvalta dette fridags-ansvaret? La oss, sidan det er nærliggande, ta for oss påska. Ei høgtid som alltid kjem når du minst ventar det. Eit år er det påske midt i mars. Eit anna år er det nesten 1. mai før du endelig kan gjere det påska eigentlig handlar om: Reise til Sverige og rope på biltak.

Les mer i Aftenposten

Kommentarer