Ikkje samsvar mellom ord og gjerning!

Til
Knut Arild Hareide, krf
Stortinget

I det siste har vi kunne sjå deg på nyheitssendingar der du skriv dine krav til regjeringa framfor media. Sist var på tv 2 på laurdagskvelden.

Eit av punkta som du ville ha sterkare fokus på var antisemittismen.
Her er det noko som ikkje harmonerar. Det kan vel ikkje vere tvil om at anti-Israelske kjensler og antisemittisme står sterkt innan dei muslimske miljøa i Norge, som i midt-Austen, og i andre delar av verda. 

Men Krf har då vore eit av dei sterkaste pådrivarane for masseinnvandringa, også av muslimar, saman med Venstre og SV.

Vil du kanskje påstå at dette ikkje påverkar antisemittismen i Norge?

Eg trur ikke at du treng presse dette gjennom for Frp. Då Frp truleg er det partiet på Stortinget med sterkast Israel-sympatiar, og dermed også mest truverdig i kampen mot antisemittismen ved sin freistnad på å føre ein restrektiv asylinnvandringspolitikk. Ein politikk som dei har store vanskar med å få gjennomslag for m.a. frå Krf og Venstre.
  
Det er "truleg" at vi vanlege døydelege ikkje forstår oss på politikk, du har før hevda at du ikkje vil korrespondere med meg då eg ikkje er seriøs. Men likevel vil eg nemne dette: Det er utruleg å sjå dykk fleirtalspolitikarar rive dykk i håret grunna personar med innvandrarbakgrunn som reiser til midt-Austen for å krige og myrde, samstundes krev de meir innvandring frå m.a. den muslimske verda. Er det berre vanlege folk som forstår at dess fleire muslimar de får inn i landet dess fleire muslimske ekstremistar og Syria-krigarar vil de vere med på å avle her i Norge? Og som takk for "innsatsen" skal dei få kome "heim" og verte stelte pent med av oss som de har halde utanfor i spursmålet om vårt eige folk si framtid.

Når du viser ditt blide åsyn på skjermen, Hareide, kan du i alle fall vere trygg på at det er ein person i landet som ikkje har tillit til deg - og det du står for, og det er underteikna!

Så får eg, og mange med meg, tru at vi kan få opp eit anna parti i framtida som kallar seg kristeleg og som i tillegg har nasjonal ansvarskjensle. Men då kan det vel vere for seint?

Dette var min morgonandakt, så får du like den eller ikkje, Knut Arild Hareide!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer