Ver så snill, Trygve Slagsvold Vedum

Ope brev:
Til Trygve Slagsvold Vedum, SP

Underteikna såg litt på Debatten i går kveld den 6.nov. Men i likheit med andre slike debattar var også denne eit mareritt av tåkeprat. Derfor let eg marerittet verte kortvarig.
Og kjære Slagsvold Vedum, kan du vere så snill å slutte med dette pratet om at Norge er ei "humanitær stormakt"? Norge er verken ei humanitær, politisk, demokratisk eller militær stormakt! Slikt prat er bedrag!

Norge er ei stormakt av toskeskap, sjølvros og dumsnillheit, og der det er politisk korrekt å vere unasjonal og undergrave oss sjølv som folk og land! Så er vi "velsigna" med politiske verhanar som er på stadig glideflukt verda rundt for å ordne opp i krigar og konflikter som dei ikkje har det minste begrep om røtene til. Men i håp om å verte tekne vel i mot har dei med sekkar med oljepengar - folket sine verdiar - som dei aldri har spurd folket om lov til å gje bort!

No har det kome ei ny trugsmålvurdering frå PST, då argumenterar du og Lysbakken for at Norge skal hente meir ferdafolk, såkalla asylsøkjarar, frå konfliktområda i verda, då helst frå det muslimske midt-Austen. Er det i håp om at vi nordmenn skal få fleire muslimske ektremistar  på nakken? De har sjølve stått for å opna grensene til landet med fri flyt av det de vil få oss til å tru er flyktningar. No kan de klø dykk i kruna for det de har skapt, og halde fram med å trakassere oss som gjennom mange ti-år har åtvara mot det som ville kome, og som de har stelt i stand.

Kven skal no setje bjølla på katten og trekke til ansvar dykk som har skapt den situasjonen som landet har kome opp i? Det er ikkje hjelp i at de freistar å kome med rare forklåringar på det som skjer. Alt er planlagt!

Hadde de vore ærlege så hadde de teke på dykk ansvaret og bede om orsaking for det de har drive med, og som alt har påførd vår folk og land uoverkomelege problem for all framtid.

Etter at utlendingsforskrifter vart endra for ei tid sidan uttala tidlegare leiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, seg såleis: "Det vil føre til at fleire får bli, og det er bra". Ja, no ser vi kor bra det er at fleire får bli, og vi har sett det lenge.

Det er opne grenser og globaliseringa som er skuld i den katastrofa som Europa og Norge no står framføre! Dette veit vi, og vi skal minne dykk på det. Men vi får aldri oppleve at de kjem til å ta på dykk ansvaret for verken islamiseringa som no skyt fart, trugsmåla mot land og folk og den øydelagde livskvaliteten som nasjonalsinna nordmenn må finne seg i å leve under. De er frekke nok til å legge skulda for fylgjene av opne grenser på dei som har åtvara mot ein slik politikk.

Når eg såg panelet under Debatten som eg nemnde ovanfor, så såg eg eit panel av ungdomar utan livserfaring, og med tanke på politikken dei står for, trygt kan kallast personar utan snev av omtanke og ansvarskjensle for folk og fedreland. Og det vil no framtida sine svinnande norske generasjonar måtte leve og gråte under! At vi er på tilbakegang som folk er også ein planlagt politikk.

Du verda for eit ansvar de sit med, Trygve Slagsvold Vedum!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen      

Kommentarer