Historia vi aldri må gløyme

I eit svar til Jostein Ness i Firda den 22.12. 2014 vert Ness kalla provokatør av Einar Rysjedal. I mitt leksikon frå Cappelen av 1958 står det at "Provokatør er en person som prøver å tilskynde, eller egge, en annen til å begå en forbrytelse". Har du døme på at Ness har prøvd å få nokon til å begå brotsverk, Rysjedal?
 
Også eg las innlegget som Ness skreiv der Rysjedal hevdar at han og nokre andre frå partiet Raudt vart kalla gestapistar. Slik oppfatta ikkje eg Ness sitt innlegg. Men eg oppfatta det som at i samfunn der totalitære og diktatoriske ideologiar kjem til makta er der alltid element som får leve ut sine sadistiske og vondsinna lyster og instinkt. 
 
Ness viser til det som skjedde i Norge under den tyske okkupasjonen. Det er nok å nemne Rinnanbanden. Men der finns også andre døme på slik framferd, også i kommuniststyrde samfunn. Dette føregår den dag i dag, sjå berre på kva som skjer i det kommunistiske Nord-Korea. Hundre tusener i skrekkleirar. Det kan vel ikkje avvisast at slikt har skjedd under kommunistiske styresett også før? Og det har skjedd under militærjuntaer rundt i verda. I Etiopia styrde den marxistiske presidenten Mengistu med turtur og drap på omlag ein halv million menneske på -70-talet, (VG, 30.06.2006). Ta t.d. Albania under Hoxha, Europa sitt raude fyrtårn, som også var venstresida og mange AKP m/l-arar sitt politiske glansbilete. I Aftenposten den 15.03 2010 skriv Aasmund Willersrud om "Sannheten om Enver Hoxhas massegraver".
 
Skjelettene som velter frem fra grunnen gjør den forskrudde betegnelsen " sosialismens fyrtårn" enda mer brysom", skriv han.
 
Der er eindel av det som Rysjedal skriv i sitt svarinnlegg som i alle høve ikkje eg festar lit til. Han vedgår at "vi" såg opp til ei frigjeringsrørsle som leia an i kampen mot USA sine 2.756.941 tonn bomber over det vesle landet. Her trur eg Rysjedal tek feil, det var nok Viet Nam, nabolandet til Kambodsja, som fekk desse bombene over landet.
 
Og du verda for ei "frigjeringsrørsle" Pol Pot var leiar for! Nær på 2 mill., ein fjerdedel av folket, slakta på sadistiske vis! Og det er vel ikkje noko unnskyldning for at AKP m/l såg opp til denne "frigjeringsrørsla" at vestlege regjeringar seinare støtta Raude Khmer i FN. Sjølvsagt var Vesten si røystegjeving i FN uforståleg og skammeleg, men vi skal ikkje tru at støtta frå dei venstreekstreme miljøa i Europa var utan betydning for Pol Pot sitt tyranni. Tydelegvis vil Rysjedal ha oss til å tru at  "Steigan sitt besøk og kortvarige verbale støtte" (sitat) var utan betydning for dei som styrde terroren. Og var Steigan si støtte kortvarig? I VG den 15.11. 2000 skriv Erling Bø dette: "Husker du Pål Steigan? Leder i SUF (ml). Leder i AKP (ml). Norsk partileder som møtte - og støttet - massemorderen Pol Pot? Husker du ham, husker du mer enn Cappelens Forlags leksikon. Som redaktør retusjerte Pål Steigan både seg selv og Pol Pots grusomheter ut av Caplex". Kvifor skulle Steigan retusjere vekk Pol Pots grusomheiter vis han ikkje lenger støtta politikken hans?       
 
Og så har vi AKP som programfesta væpna revolusjon. I VG den 1. august 2003 skriv den ikkje ukjende Olav Versto dette: "Spørsmålet om AKP var villig å ta i bruk vold og drap om partiet kom til makten, må utvilsomt besvares med ja."
 
Rysjedal skriv også at han ikkje kjenner nokon Raudtfolk som kjem i kategorien av dei som hadde Pol Pot og Røde Khmer som vårt "store ideal". Det eg alt har nemnt, og etter kva eg sjølv minnes, så har eg vanskar med å tru på denne påstanden. Dette sjølv om Rysjedal skulle kome til å truge også meg med injuriesøksmål.
 
RV - Raud Valgallianse- vart skipa i 1973. RV var ein allianse mellom AKP og uavhengige sosialistar. I 2007 la RV og AKP ned partiet og danna partiet Rødt - Raudt. Dei fleste medlemane i AKP og RV vart visstnok med i det nye partiet. Skal vi då tru Rysjedal så er der ingen no i Raudt som var med å støtta "fridomsrørsla" til Pol Pot. Men det er mykje som tyder på at Rysjedal tek feil her. Den einaste representante som RV til no har hatt på Stortinget er Erling Folkvord. Han kom inn i 1993.  I VG den 10.08 1997 minner Erling Bø oss om kva Folkvord var med på i 1978. Flyktningar frå terrorregimet i Kambodsja var invitert til høyring i Oslo for å fortelje om grusomheitene under Pol Pot sitt styre. AKP m/l laga mothøyring, og sentralt i mothøyringane stod Erling Folkvord. Mothøyringa er omtalt i Klassekampen den 25. april 1978.
 
I avisa Vårt Land den 20.08. 93 skriv Hartvig Sætra, som sjølv var kommunist av den eldre garde, dette: "RV aktar å få ein representant inn på Stortinget frå Oslo. - Norge vil i så fall vere det einaste landet i Europa som får ein av massemordaren Pol Pot sine klakkørar i si nasjonalforsamling". 
Rett nok har eindel av dei gamle AKP-arane klatra til topps i andre parti, ikkje minst i Arbeidarpartiet, der mogelegheitene for makt har vore gode for dei. Og dei er å finne på alle plan i samfunnet, også innan påståtte "humanitære organisasjonar". Men eg trur ikkje at alle av medlemane frå RV og AKP som gjekk inn i partiet Raudt  skulle vere reine for Pol Pot-sympatiar. Her skal vi heller ikkje gløyme maoistane, då Mao sitt Kina også støtta Røde Khmer sitt terrorvelde. Og Kina under Mao var eit anna av norsk venstreside sitt paradis, trass i 10 år med blodig kulturrevolusjon og millionar myrda. Likevel elska norske ungkommunistar "Mao lille raude". 
  
Vidare i svaret til Ness skriv Rysjedal at alle veit at det er dei høgreeksteme som står bak den politiske valden i Norge, og viser her til eindel nazi-inspirerte brotsverk. No er vi etterkvart mange som har opplevd valden frå venstreekstreme miljø grunna vårt politiske syn. Men at nazi-ispirert vald tilhøyrer høgresida er det ikkje alle som meinar. Eg kan nemne nokre fakta som plasserar nazismen som sosialisme. Og har Rysjedal høyrt om sosialisme på høgresida? Einar Myklebust skriv i ein lenger artikkel i Aftenposten 26.03. 92 dette: "Nazismen på venstre side", og "Som et kollektivistisk sosialt system hører nazismen hjemme på venstre side av den politiske skala. Å omtale den som høyre-ekstremisme er meningsløst".
 
Dessuten minner eg om at det raude i nazi-Tyskland sitt flagg symboliserte sosialisme.
 
Her er mange andre ting som kunne takast fram i min kommentar til Raudt, men vi kan slå fast at Raudt sin politiske ideologi er kommunisme. Med den historia vi kjenner frå samfunn som har vore styrde av kommunismen gjennom hundre år, med tvang, slaveleirar, som under nazismen, tortur og drap på politiske meiningsmotstandarar og millionar andre uskuldige menneske, så vil eg spørje Rysjedal og partiet Raudt - Rødt: Er det kommunismen de vil by oss?
Om Rysjedal vil korrigere noko av det eg har skrive så er han velkomen med det. Stoffet om dette temaet er nesten botnlaust, men diverre fortidd for yngre generasjonar. Og det er synd!
 
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
30.desember, 2014   

Kommentarer