Til redaksjonen i Norge idag

Sjølv om redaksjonen ikkje ser ut til å ha interesse av mine synspunkt, eller ikkje ynskjer å svare på mine henvendingar, tillet eg meg som avis-tingar å kome med nokre meiningar til avisa.

Har i dag motteke siste utgåva av Norge i dag, så eg les den sjølv om eg kan klare meg godt utan eindel av innslaga.

Eg stiller spørsmål, men reknar ikkje å få svar - som vanleg: Kvifor dyrkar Norge idag Knut Arild Hareide?

Eg trudde at Norge i dag stilte seg kritiske til Hareide, men ser likevel at han får vere med å pryde baksida av avisa som reklame for Oslo Symposium. I tidlegare nr. har han vorte presentert som ein av talarane på arrangementet.

Kva slags kristendom er det denne mannen står for, er den på linje med den kristentrua som Norge idag hevdar dei står for?

Vi vanlege nordmenn har vel fått sjå meir enn nok av Hareide i samband med kampen som han, Trine Skei Grande og Lysbakken driv for fri masseinnvandring til Norge.

Krf er hykleriske nok til å lest som dei støttar Israel og jødane, og kritiserar antisemittiske haldningar, medan dei burde vere så ærlege å vedgå at den muslimske masseinnvandringa som dei ivrar for er det som skapar, og aukar, den eigentlege jødehetsen og Israelhatet i Norge og Europa. Krf er såleis etter mitt syn sjølv medskuldige i antisemittismen.

Gløym Krf, sats på eit ekte kristent alternativ: Dei Kristne! Då vil også Norge idag verte truverdig, i alle fall i mine og mange andre sine auge.

Spar oss for denne propagandaen for ein person, Hareide, som mange vender seg vekk når dei ser han på den tv-skjermen, der han tydelegvis elskar å syne seg.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer