Noregs fridom kan ikkje takast for gitt

Til Liv Signe Navarsete, SP,
Stortinget.

I Firda, den 17. april, skriv du m.a. slik: "Noregs fridom kan ikkje takast for gitt".

Nei, takka vere fleirtalspolitikarar, også dykk i Senterpartiet, har vi nordmenn ikkje lenger den fridomen som vi før rekna som gitt. Dette har de klart gjennom den seinaste 30-års bolken! Og dei som har hatt overtyding nok til å hevde vårt krav på fridom, har de hersa med som om vi var storkriminelle.


Så kom ikkje med slike utsegner, for de politikarar har freista overgå kvarandre i tilboda til framande som no overtek landet.

At det er nordmenn og samar som har bebudd dette landet gjennom tusener av år, og som har bygd landet gjennom slit, armod og forsakelsar, og som har kravd heimstadrett til landet for seg og sine slekter har de med den største freidigheit og frekkheit ignorert.

Landet vårt innrettar de meir og meir slik at det skal falle framande i smak, vi urfolk vert kua og forfylgde mellom anna gjennom lover og restriksjonar. Kan her nemne "rasismeparagrafen" § 135 a og den såkalla diskrimineringslova. Og de som har vore med på slike skadeverk overfor land og folk slenger ut av dykk at den fridomen de sjølv er i ferd med å avskaffe "ikkje kan takast for gitt".

Nei, med slike politikarar som folket vert narra til å røyste på så er den fridomen så langt frå gitt! Om avhending av landet kan du lese § 83 i Straffelova. Den burde gje ord til ettertanke. For det er nett slik avhending av landet som fleirtalspolitikarane i dag driv, steg for steg! Og nåde dei som nektar å vere med på havariseilasen.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer