Den skjulte agenda?

Til
Trine Eilertsen,
Aftenposten/NRK

Eg høyrde deler av kommentarane dine på dagsrevyen den 10.juni der temaet var avtalen om syriaflyktningar og Frp.

Dine kommentarar er heilt i tråd med det vi alltid får høyre frå mediafolk når det gjeld innvandring og spesielt Frp. Er sjølv ikkje medlem, eller på anna måte tilhøyrer dette partiet. 

Du trudde ikkje veljarane forstår Frp si haldning i saka, hevda du. Nei, eg trur dei på di side, media og makteliten, nok gjerne ser at Frp vert tvinga til å administrere ein asyl/innvandringspolitikk som deira veljarar ikkje er samde i. Dette vil svekke Frp meir enn det alt har kosta dei, og lite ville vel glede dykk mediafolk meir enn at Frp forsvann frå det politiske landskapet. Men partiet vil nok verte godteke om det vert slik dei andre er. Men kva skal veljarane med eit drøss av parti som står for nett det same i viktige spørsmål?

Og når det gjeld fri innvandring frå heile verda så er det nok mange som lurer på kva som er dykkar agenda, eg er ikkje av dei som er i stuss om nett det.

Folket har vorte sett på sidelinja i ei sak som gjeld vår eiga framtid som folk og nasjonalstat. Avisene, herunder di eiga BT, har vore totalt einsretta i denne saka. Og media har ikkje gått av vegen for å henge ut og latterleggjere dei som med ærlege og ekte meiningar har åtvara mot den politikken som vi har vorte tvinga til å få tredd ned over oss - av dykk i media - ikkje minst.

Eg tru ikkje at media har noko ynskje om det som er godt for eige folk og vårt fedreland. Eg trur rett og slett at det er vondskap som ligg bak media og fleirtalspolitikarane sine planar om masseinnvandringa til Norge.

Om ikkje dette var ein grunn kunne de kanskje tillate folket gjennom folkerøysting å vere med på å avgjere vår eiga framtid. Denne stadig belæringa som vi vert "tilgodesett" med av dykk kjendisar varslar ikkje noko godt for oss to urfolk som har historiske rettar til dette landet.

Men, Trine Eilertsen, alt heng saman og kan oppsummerast slik: Då masseinnvandringa vart starta på slutten av 1960, den gangen i hovudsak med pakistanarar, vart det truleg planlagd ei større omvelting i samfunnet vårt. Ikkje lenge etter denne fyrste innvandringa var planane lagde for å drepe ned vårt eige folk. Fri abort-lova kom på slutten av 1970, pådrive av Gro Harlem Brundtland, dette medan innvandringa auka. Sidan abortlova vart innførd kan du sjølv rekne ut kor mange hundre tusen av vårt eige folk som ikkje har fått leve opp, eg kjem til meir enn ein halv million, medan landet no treng ein sterk folkevekst, vert vi fortalde. Folkemord på eige folk + masseinnvandring frå framande kulturar og religionar = du veit svaret like godt som eg, Trine Eilertsen!

Vil nokon fortelje meg at her ikkje ligg skjulte agendaer bak det som no skjer med landet vårt?

Norvald Aasen,
6983 Kvammen  

Kommentarer