Kva er grunnlaget for politivæpning i Noreg?

Norsk politi ser seg nøydd til å bera våpen.
Til
Kjell Ropstad (Krf) og Iselin Nybø (V)

Kopi til justisminister Anders Anundsen.

På Dagsrevyen den 2. juni d.å fekk vi sjå eit innslag frå stortingsdebatten om væpninga av politiet.

Dei to representantane for opposisjonen frå Krf og Venstre var svært kritiske til at politiet si væpning vart forlenga med 3 nye månadar. Og dei spurde kva grunnlag Justismnisteren hadde for å forlenge denne væpninga.

Svaret på dette burde ligge klårt i hovudet på representantane for desse partia.

Væpninga av politiet er eit resultat av at islamske jihadist-miljø synes å vere i vekst her i landet, noko som er eit resultat av den innvandringspolitikken som mellom anna Krf og Venstre har vore pådrivarar for.

Fleire muslimske terroraksjonar i Europa den seinaste tida har også vore ei av grunnane til denne politivæpninga. Desse terroraksjonane har likevel ikkje dempa desse to partia - saman med eindel andre - sin iver og påtrykk for masseinnvandring nettopp frå det muslimske midt-Austen og Afrikanske statar der islam står sterkt.

Så når det gjeld den politivæpninga som desse partia spør om grunnlaget for, vil eg tru dette grunnlaget er å finne i deira eigne skrivebordskuffer i kontora deira på Stortinget.  


Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer