NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

onsdag 22. juli 2015

Røystefisking med skotsikker bil i Sarons Dal

Ope brev:
Herr Rune Edvardsen, Troens bevis, Sarons Dal.
Kopi til Jonas Gahr Støre og Knut Arild Hareide samt ulike nettstadar.

Viser til din profilering av Jonas Gahr Støre og Knut Arild Hareide som valkampreklame framføre haustens val.

Det heile var utruleg usmakeleg!
Det er greit at du ønskjer å støtte Krf og Ap sin valkamp, men for meg som sjåar var det mange ting som kom i tankane under den usmakelege framføringa. Og ein skammar seg over å sjå kor ynkelege maktpersonar kan opptre for å kapre røyster. APs Gahr Støre snakka om Jesus og si tru på vår kristne Gud. Men glatte tunger har oftast lite truverde.

Eg trur han ikke! Ynkeleg og krypande røystefiske. Som du sikkert veit, men kanskje ikkje vil vedgå, er at AP i si historie har vore oppteke av avkristning av vårt land. Gå tilbake i AP si historie, herr Edvardsen! No får ikkje norske barnehagar lenger fortelje norske born om Jesus, men Koranen og Allah er etter det eg forstår fritt fram å misjonere for. Og skulegudstenester er etter det eg skjønar støytande for borna til dei nye herrefolka?

Knut Arild Hareide var freidig nok til å nemne abortlova, som han endå ikkje hadde fått Støre med å revidere. Det var då visseleg Kjell Magne Bondevik, Krf sin gud som visstnok var den fyrste norske statsminister i skotsikker bil, som kasta abortprestane ut av Kyrkja og dømde dei frå kappe og krage.

Hareide var Bondevik sin kronprins i partiet, og han var også med i Bondevik sine regjeringar. Kvifor gjekk han ikkje ut å støtta dei utstøtte abortprestane? Kunne verkeleg tilhøyrarane i Sarons Dal bite på valflesket du serverte dei ved denne usmalkelege framføringa?

For min del må gjerne AP og Krf smelte saman og dei må for min del segle sin eigen sjø. Vi nærmar oss kanten av stupet som nasjon og kristen nasjonalstat, og desse to, saman med sine andre politiske vener, vil nok ikkje gje opp før vi er i fritt fall utføre stupet. Vårt folk vil dei nok vite å finne erstattarar for i dei uendelege folkemassane rundt om i overfolka u-land. Då vil nok også du, Rune Edvardsen, få det varme samfunnet som du meinar er vorte kaldare uten Støre og Hareide ved rorkulten.

I dag finns eit langt betre alternativ for kristne veljarar enn både Krf og AP, og det er slik eg ser det Partiet dei kristne.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen