Til Frode Forfang, UDI

Av Norvald Aasen

Høyrde i dag, den 28.08, på dagsnytt radio om den sterke auken i "mindreårige" asylsøkjarar.

Du må fortelje oss kva politisk verksemd desse ungane har drive i sine heimland for å ha grunnlag for asyl! Korleis kan desse ungane ha økonomi til billettar, og å skaffe seg reisedokument, for å kome til Noreg "på eiga hand", som det heiter?

Fortell oss om dette Forfang. Du kan ikkje vente at vi skal tru på desse røvarhistoriene utan vidare.

Sjølvsagt så vil brakkebaronar, hushaiar og andre profittørar gni seg i hendene etter slike nyheitsoppslag. Men vi som ser at landet vårt vert gjeve bort til framande har mindre grunn til å vere glade enn kva de har, de som lever på og av denne humbugen.

Vi har no fått ein innvandrarbefolkning i landet som er opp mot halvdelen av kva dei norske og samiske folka utgjer til saman. Det må då også vere noko heilt meiningslaust når landet sin asylinnvandring skal føre med seg at eit homogent og stabilt samfunn på under ein generasjon vert omforma til eit fleirkulturellt og multietnisk samfunn.

Då må hensikten bak politikken vere å øydelegge eit gamalt folkeferd og det samfunnet som har vore bygga av generasjonar med slitarar. Etter mitt syn må dette vere eit brotsverk mot landet, og ikkje minst alvorleg at ein slik poitikk har vore førd ved hjelp av trugsmål, sjikane og forføljing av dei som har teke til orde mot ei slik omveltning. Eg minner om § 1 i Grunnlova, og Straffelova sin § 83 som omhandlar straff mot dei som deltek i avhending av landet.

Det har også vore døme på at eindel av desse "mindreårige" har vore godt opp i 20-åra.

Synes du, Frode Forfang, at det er stas å vere med på dette prosjektet?

Norvald Aasen, 6983 Kvammen
57731844

Kommentarer