NRK sine usanne og kunnskapslause bruk av ordet nordmenn

Ope brev til Kringkastingsrådet
v/ leiar Per Edgar Kokkvold,
Kringkasingsrådet

På Dagsrevyen den 21. 09. 2015 heldt Ingerid Stenvold fram det som etter kvart synes å ha vorte ei kampanje frå NRK og truleg også andre media, nemleg omtala av "nordmenn".

Ingerid Stenvold seier at 4 av 10 nordmenn brukar ikkje sikkerheitsbelte i buss. For nokre dagar sidan var det ei anna sak der "nordmenn" var råka av matallergi. Ein annan gang var det "unge nordmenn" som hadde stor kredittgjeld.

At desse uttalane verkar dumme og kunnskapslause er ein ting, men dei er heller ikke sanne. For det er vel ikkje berre nordmenn som tek bussen, og det er vel ikkje berre nordmenn som ikkje nyttar belte under bussturen. Dette har eg opplevd ved sjølvsyn. Det er omlag 1,5 mill som er busette i Noreg og som ikkje er nordmenn. Under Stenvold sitt innslag fekk vi sjå eit bilete av ein busspassasjer med namn til. Dette var nok for at vi skulle få sjå at det ho kalla nordmenn ikkje var nordmenn, noko vi høyrde på språket og såg av namnet. Kanskje Ingerid Stenvold ville irritere oss som er tvangspålagde å betale NRK-lisens? Eller at ho meinar at nordmenn er dumme, men då burde ho ikkje nytta namnet på vårt folk i sine generelle vendingar? Men som sagt, dette synes å vere ei kampanje frå media som tek sikte på å få eit omgrep til å feste seg hjå folket, at alle som bur i Noreg er nordmenn. Noko som ikkje er sant! Burde ikkje dei som har levebrødet av våre lisenspengar kunne ordlegge seg korrekt og vere nøytrale i den jobben dei er betalte for?

Men hovudgrunnen til denne usanne formuleringa frå mediafolk trur eg er denne: Om ikkje mange tiår vil nordmenn vere i mindretal i vårt eige heimland grunna masseinnvandringa som t.d. NRK og øvrige media synes å vere sterke pådrivarar for, same kva fylgjer det får for land og folk.
Derfor synes det viktig at dei alt no tek til å få inntrykket til å feste seg at dei som bur i landet er alle nordmenn. Dermed meinar dei nok at det ikkje kan hevdast at nordmenn vil verte ein minoritet i eige land i framtida.

Eg trur at NRK og media er så kynisk overfor eige folk at dette er hovudgrunnen til at dei praktiserar slike lygner overfor oss. Ingerid Stenvold kunne ordlagt seg t.d. slik: Berre 4 av 10 busspassasjerar nyttar sikkerheitsbelte i buss. Ho hadde då sluppe å servere usanning og å irritere mange nordmenn, men så hadde vel ikkje det vore så kjekt for dei som har lete seg verve til slike kampanjar.

For nokre år sidan var det ein mykje brukt NRK reportar som la seg til vanen å omskrive det gamle ordet "Ola og Kari" til Ali og Kari. Også den gongen tok eg det opp med NRK, vi har ikkje høyrt dette att, men elles synes det som om at når vi klagar på det vi meinar er urette formuleringar frå NRK-reportarar så verkar det som at dei gler seg over å kunne halde fram med same praksis. Er NRK til for kanalen sine tilsette, eller skal media tene folket og dei som betalar løna deira?  

Omgrepet nordmenn er den etniske betegnelsen på eit av dei to urfolka som har bebudd og bygd dette landet gjennom mange tusen år!

Norvald Aasen, 6983 Kvammen   

Kommentarer