Kvifor så smålåten, Lidvin Osland?

Til Firda:

Vedlagt svaret mitt til Lidvin Osland som eg både av eige ynskje ville svare på, men som også mange andre har oppmoda meg om å skrive. Med mykje haustarbeid som må utnyttast i korte godversperiodar har det drygd ut. Men innlegget frå Losnegård den 28.10. gjorde at eg berre måtte ta fatt i saka.

Eg ynskjer innlegget ubeskore på trykk. Denne origo-greia har vorte for vanskeleg for meg å handtere.

Med helsing
Norvald Aasen



Kvifor så smålåten, Lidvin Osland?


Som ofte elles så får dei store i samfunnet framsida på avisene når dei kjem med krava sine om dei tusenvis av såkalla "flyktningar" som dei krev at Norge skal ta imot. Slik også med oppslaget i Firda den 10. 10. 2015 der Osland krev 10000 til Sogn og Fjordane. Slik vil han vise sitt sanne hjartelag, vert vi fortalde. Men kvifor så smålåten, Osland? For deg var det vel berre å klaske på nokre fleire nullar, slik at storsinnet og hjartelaget ditt verkeleg kunne svulme og visast? Og arbeidsplassar har du vel til alle dei du ønskjer deg hit? No er det vel ikkje skapinga av arbeidsplassar vi mest forbind med desse "kulturstorheitene" som landet vårt har fostra fram dei seinaste tidene? Det å ha teke initiativet til Førdefestivalen er vel ikkje det samfunnet kan byggje si framtid på. Unyttig leik og jåleri, kallar eg det.

Syrarane skal ifylgje Osland vere lette å integrere då dei, slik han ser det, berre har ein litt anna kultur og ein annan religion, som etter hans syn er positivt.

Synes Osland det berre er positivt med alle muslimske rørslene som kidnappar og drep rundt om i heile verda? Likar han Boko Haram, IS og Al Shabad og ulike islamistgrupper i den fjerne Austen? Er dette berre positivt, synes du Lidvin?

Viss Osland berre ser ein liten skilnad på arabisk og norsk kultur kan det tyde på at Osland som fylkeskulturdirektør var feil mann i kulturjobben. Sharia sine rettsprinsippar er vel også arabiske kulturinnslag som Osland kan like å få etablert her? Men når ikkje ulike retningar innan islam kan gå saman korleis skal då islam gå saman med andre religionar?

Syrarane har mista heimlandet sitt, hevdar Osland. Dette kallar eg det reine tøv. Det er vi, nordmennene, eit lite og gamalt folkferd - som er i ferd med å miste vårt heimland, gjennom avhending til framande, men dette har eg ikkje forstått har uroa Osland og hans kampfeller. Forfattaren Arild Dahl skreiv alt i 1987 i ein artikkel i Klassekampen at hans beskjedne mål var å utslette Norge som nasjonalstat - altså nordmenns heimland skulle ikkje vere vårt lenger. Eg har også andre "godbitar" av same art til den avgåtte fylkeskulturdirektøren, men av plassomsyn skal dei få ligge i denne omgang.

At den nye fylkesordføraren, Jenny Følling, syntes tanken til Osland var god, overraskar ikkje, med det som overraskar var at ho meinte talet 10000 var for høgt. Hadde vi i dette landet levd under eit reelt demokrati så ville folket vorte spurde i ei så viktig sak som masseinnvandringa til ein liten nasjon representerar.

Men her ligg noko meir bak desse ønskja om muslimsk og framandkulturell innvandring. Eg skal berre kort nemne samarbeidet mellom Europa og Den arabiske liga, den såkalla Euro-arabiske dialogen. Arabarstatane avslutta oljeblokaden i 1973 mot at Europa gjekk med på fylgjande krav:

1: Importere arbeidskraft frå arabarlande ved avtalar om innvandring, fri bevegelse og opning om prinsippet om familiegjenforeining. 

2: Legge tilrette for at islamsk religion kunne utbreiast i Europa.

3: Få i gang aktivitetar og fremje haldningar som skapar eit positivt bilde av arabisk kultur, til dømes å få inn opplæring om Europa si kulturelle skuld til islam i skulen og, tilsvarane, få vekk det som måtte finnast av negativ omtale av islam i historia.

4: Og Europa skulle gje full støtte til Den arabiske liga sine krav i Palestina-konflikta.

Kjelde: Boka "Amerikabrevet: Europa i fare", av Hallgrim Berg. Dette finns også gjengjeve i bøkene av den italienske forfattarinna Oriana Fallaci.

Ser at Lidvin Osland har fått støttande klapp på skuldera av ein annan lokal "kulturstorheit", Rolf Losnegård, i Firda den 28.10. Nett det skulle vel ikkje overraske!

Men så er mitt spørsmål: Korleis stiller desse "kulturstorheitane" seg i høve til det eg har nemnt om krava Europa gjekk med på frå Den arabiske liga i 1973? Kjenner vi ikkje litt att i norsk og europeisk samfunnsliv? Synes eg også kjenner noko att frå argumentasjonen frå den tidlegare Fylkeskulturdirektøren.

Eg vil tilrå Lidvin Osland og Losnegård å lese "Omars Pakt" som er skriven i boka "Hvorfor jeg ikke er muslim" av Ibn Warraq, slik at dei er fortrulege med kva det vil seie for dei å leve som dhimmiar, om dei då ikke vel å konvertere til islam?

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tlf. 57731844

 -----------------------------------------------------

Hei.

Dette innlegget kjem ikkje på trykk i Firda i den form det er no.
 

Firda publiserer gjerne innlegg om frå deg om innvandring og flyktningar.

Som du skreiv i annan epost, så er det flest innlegg frå den sida som helsar dette velkomen.
Men – du må halde deg til sak. I store deler av innlegget diskuterer du personen Lidvin Osland, ikkje sak.
Det må vere mogeleg å kunne ordlegge seg og argumentere på ein sakleg måte.

Skal innlegget publiserast i Firda må det skrivast om.

Mvh
Yngve Årdal
Ansvarleg redaktør Firda
Tlf. 911 49 805

Kommentarer