Ope Brev til Åsne Seierstad

Åsne Seierstad in 2007.
Viser til intervjuet med deg på Dagsrevyen den 18.11. 2015, der du fortalde oss sjåarar om likskapen mellom høgreekstremisme og islamisme. Begge desse ismene stod for det same, hevda du.

Men eg sakna at du tok med ei tredje isme, nemleg venstreekstremismen. Kvifor tok du ikkje den med?

Er du heilt viss på at den isma du sjølve kanskje soknar til er den rette for andre enn deg sjølv og dine meiningfeller? Eg går ut frå at dette er venstreekstremismen all den tid du ikkje nemnde den med eit ord?

Kvifor kan ikkje eit folk - nasjon - sjølve få lov å avgjere om dei vil leve under venstreekstremisme, høgreekstremisme eller islamisme, som t.d. IS - eller ingen av delane? Eller om dei vel å leve som folkefellesskap innan eit eige heimland, ein nasjonalstat? Skal venstreekstremismen nekte oss det?

Men då trengs det folkerøystingar og det er det ikkje politisk vilje for. Folkerøysting kan føre med seg at folkefleirtalet si tale ikkje stemmer med den politisk korrekte linja. Nett det har ikkje politikarfleirtalet av vår tid ryggar til å bere!   

Er verda sine røynsler med venstreekstreme samfunnmodellar så mykje å trakte etter? Vi har ei mengde slike eksemplar, frå Lenin, Stalin, Mao, Pol Pot, Kim il Sung, Enver Hoxha, Mengistu i Etiopia, for å nemne nokon.

For mitt vedkomande ønskjer eg ikkje å leve under nokon av desse ekstremistiske samfunnsmodellane, heller ikkje ønskjer eg det for folka som har sine mange tusenårige historiske røter i Norge, nordmenn og samar,  eg ønskjer det eigentleg ikkje for noko folk!

Eg kan også nemne at det var stor forståing innan den muslimske verda for grusomheitene som nazismen stod bak, men så var jo også nazismen ein venstreideologi og slett ikkje høgreekstrem!

Venstreekstremismen har like lite som dei andre ismene skapt fridom, demokrati og ytringsfridom, og vil heller aldri skape det.

De skulle halde dykk borte frå å reise rundt i verda og fortelje at Norge er ei fridomsborg. Det er nemleg ikkje sant!

Nett det viser den manglande ytringsfridomen for folkelege meiningar i landet vårt, og retten til å få vere med å avgjere vår eiga framtid som folk i vårt eige heimland.


Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer