NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

mandag 21. desember 2015

Ope brev til NRK, Ingerid Stenvold og statsråd Sylvi Listhaug


Kommentar til innslag på Dagsrevyen den 17.12 2015 vedrørande saka om migrantar sitt bruk av falske pass.

Fyrst får vi ein veldig god og avslørande reportasje ved Anders Magnus om dei som nyttar seg av falske pass for å kome seg inn i Europa og Norge av økonomiske grunnar.

Så intervjuar Ingerid Stenvold statsråd Sylvi Listhaug, og spør kva norske styresmakter gjer for å avsløre slik praksis med falske pass i asylstraumen.

Og her er det vi verkeleg finn å måtte spørje Stenvold: Men kva har NRK, deira reportarar og journalistar gjort overfor dei som har ytra seg kritisk mot den flodbylja av migrantar, herunder alsysøkjarar med eller utan falske pass og reisedokument? Og som dei fleste av oss har skjønt har ein heilt anna grunn enn beskyttelse som grunnlag for reisa.

Media, herunder NRK, har hatt sine reportasjar som har vorte oppfatta som dei reine propagandaen for at vi skulle ta imot og gje opphald til alle og einkvar som har ramla inn over Europa sine grenser. Det er "born åleine på flukt" og "flyktningar med traumer" som vi skulle ha ei plikt til å hjelpe, har media fortalt oss. Minnast også det tragiske bilete av det døde barnet på ei strand ved Middelhavet, og der Viggo Johansen og ein professjonell fotograf diskuterte på Dagsrevyen om dette bilete kunne få europearane til å verte meir villege til å opne opp for menneskestraumane som velta i stri straumar inn over verdsdelen vår.

Men når det gjeld dette med menneskesmuglarane som Stenvold synes Listhaug skal gjere noko med, så er det også andre i vårt samfunn som burde sitje i klisteret i tillegg til media, nemleg heimlege brakkebaronar og andre som profitterar grovt på menneskesmuglinga. Staten auser ut pengar frå statskassen til UDI som betalar vidare til profittørane som skapar sine asylimperium med millionar i inntekter frå statens - våre pengar.

Har NRK og media elles nokon gong sett kritisk søkelys på denne sida ved migrantstraumen som helst truleg er styrt for å erobre Europa? Nei, asyladelen har heller vorte framheva som det edlaste innan menneskeslekta.

NRK burde gå i seg sjølv og granske si framferd mot menneske som ærleg og ekte har ytra seg verbalt mot ei utvikling som på sikt vil framandgjere folk og land. For mot slike har media, ikkje minst NRK, slengd ut karakteristikkar som rasistar, menneske med primitiv framandfrykt, framandfiendtlege, nazistar og anna nedlatande dei har kunne kome på for å kriminalisere og kneble meningmann sine ærlege meiningar. Dette fortener både media og deira medarbeidarar skam og forakt for.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen