Til Sylvi Listhaug

Eg les på nettavisene at UDI ber kommunar om å melde seg til asylinnsats. Som om det ikkje har vore gjort gjennom dei 30 siste åra!

La UDI og brakkebaronane fyllast med asylantar og migrantar til det tyt ut av alle gluggar. La dei sjølve betale for sine eigne gjestar!

Steng kranane frå statskassen (våre pengar) til desse umettelege pengesluka, UDI og asylprofittørane! Stogg humbugen med dei såkalla "einslege mindreårige asylsøkjarane" som vi er fortalde kjem "åleine" ved å starte retur av dei tilbake til sine eigne heimland, kjende tilhøve og sine familiar!

Skal vi, eit lite folk på knapt 4 millionar eigenbefolkning, la det flomme inn over våre grenser for at nokre skal tene seg søkkrike, og egoistar frå den vide verd skal kunne få ein høgare levestandar på de norske velferden?

Du, Sylvi Listhaug, veit at det som føregår no er ei utskifting av vårt gamle folkeferd i vårt eige fedreland! Vil du vere med å la dette skje, eller vil du la ditt eige folk få vere med å bestemme om vi vil avgå ved dauden slik lemenen gjer?

Gå ut til folket å fortel oss om kostnadar og konsekvensar ved det som no føregår i samband med den nye okkupasjonen.
Ville dei som kjem hit like at deira eigne land vart invaderte av framande med den fylgje at deira eige folkeferd vart fortrengd, framandgjort og utsletta?

Del dette brevet med Anders Anundsen og andre i Frp. Høgre er like upåliteleg når det gjeld nasjonalt ansvar som resten av stortingspartia.

God Jul, Sylvi! Og tenk på ditt eige folk og fedreland, det er det svært få andre av dei styrande som gjer i våre dagar.

Med venleg helsing og lukke til i arbeidet ditt!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer