Til Statsråd Sylvi Listhaug

"Vi trenger ikke følge alle FN-anbefalinger", les eg at du seier.

Endeleg ein norsk statsråd som vågar å stå fram og hevde norsk suverenitet!

Eg ser ikkje vekk frå at det er den mektige asyllobbyen som står bak det å få framsett krav frå FN om asylpolitikken.

Men FN har fått nok frå vesle Norge, både av pengar og krypande lakeiar. Fyrst er det gulrota som seier at "Norge er verdas beste land å bu i". Då vert dei underdanige politikarane over seg av stoltheit og glede, og tek dette personleg. Dermed kan FN kome med pisken, og seie: De gjer ikkje slik vi vil, vi krev at de gjer slik vi ønskjer! FN krev masseinnvandring til Europa og Norge!

Og dei underdanige politikarane som fyrst har fått skryt, finn ut at denne mektige FN organisasjonen som er styrd av den tredje verda, men finansiert av Vesten og vesle Norge, deira krav og råd må vi fylgje. Om ikkje vi gjer slik dei vil så kan det verte lite med oppdrag som "spesialrådgjevarar" og andre "særoppdrag" for FN, som til dømes det å leie gjevarlandsgrupper som brukar ausefat i statskassen.

Men endeleg har vi altså fått ein norsk statsråd som vågar å stå på eigne og norske bein! Gratulerar!

Hald fram som du stemner, Sylvi Listhaug! Du har dei politisk korrekte mot deg, men folket med deg, og det er det som tel!

Med helsing
Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer