Eg krev at menneskerettane også skal gjelde oss nordmenn!

Herr Geir Toskedal!

På kveldens nyheiter på TV2, 10.02.2016 ser eg at du uttalar deg om asylpolitikken som det visstnok skal vere semje om i "samarbeidspartia" utanom Frp. 

Du seier at asylpolitikken skal vere innanfor asyl- og menneskerettane. Ja, no har denne asylpolitikken vore hovudsak stort sett samanhengande i snart 30 år. Har vi ikkje snart ytt nok? 

Alt går igjen, friast mogeleg asylinnvandrings reglar, aldri eit ord frå andre enn frå Frp om korleis vårt land skal verte å leve i for oss som har heimstadrett her i framtida!

Så er mitt spørsmål: Kva med våre, nordmenns, menneskerettar? Har de heilt gøymt at vi er eit lite folk som også skulle ha rett til å overleve i vårt eige heimland?

Det skulle ikkje vere ukjent for deg at vi som eit lite folk på omlag 3,8 mill nordmenn og samar er i ferd med å miste, ikkje berre landet vårt, men at vi heller ikke ser ut til å ha rett til å verne om vårt eige, med andre ord: Våre menneskerettar vert fråtekne oss av dei som skulle styre til beste for eige folk og land!

Du, Toskedal, ser at dette er tilfelle, og om du har omtanke for landet ditt og folket, som eg trur du tilhøyrer, så ville eg tru at det mest reinhårige var å gå ut av Krf i protest mot avhendinga av landet.

Eg vil minne deg om kva den såkalla professoren, Thomas Hylland Eriksen, uttala: Den siste kvite flekken består i å dekonstruere majoriteten og gjere det så grundig at den aldri meir vil verte ein majoritet. Hans mål er at vi aldri meir skal utgjere majoriteten i Noreg! Kunne nesten tru han var på stortinget for Venstre, SV eller Krf. 

Om du, Toskedal, vil det beste for ditt folk og land så er ikkje Krf eit parti for deg! Sviket mot folk og land har vorte det politisk korrekte overordna prosjektet for dei etablerte politiske partia i landet med undatak av Frp! 

Eg krev at menneskerettane også skal gjelde oss nordmenn! Menneskerettane som de meinar kun tilhøyrer andre gjev oss rett til å få leve i fred i landet vårt!

Norvald Aasen, 
6983 Kvammen