Odins soldatar og Tore Bjørgo

Til Ingvill Bryn, NRK
Kopi NRK sentralt og som ope brev til eindel nettstadar.
 
På dagsrevyen har du funne det forgodt å intervjue Tore Bjørgo om dei såkalla Odins Soldatar. Intervjuet med, og propagandaen fra denne såkalla professoren er som forventa.
 
Synes han det er ille om desse ungdomane skulle klare å hindre vald og kriminalitet? Han seier at dei har eit militant merke på jakka og at det ikkje går saman med gode føremål.
 
No har vi vel aldri opplevd at han har forska i blitzmiljøet sine aksjonar, planar og symbol. Men også dei har eit militant symbol med den knytta neven som knuser. Dessutan så har dei ved mange høve, når dei herjar i gatene med vald og trakassering, truga med at deira motstandarar skulle gjerast til medister. Korleis kan dei klare det utan vald, Ingvill Bryn og Tore Bjørgo?
 
Det er slett ikkje merkverdig eller nytt at NRK og journalistar elles vinklar denne saka slik dei gjer. Når det har vore valdsaksjonar frå blitz-miljøet så har det vore akseptert av media - herunder NRK - og dei venstreekstreme politiske miljøa. Det har liksom vore akseptert framferd når motstandarane kunne kallast "nazistar" eller "rasistar". Merkelappane treng ikkje domstolvedtak, NRK er domstol god nok saman med pøbelmiljøa. Mange innan dette miljøet har også vore avkom av Arbeidarpartiet sine toppfolk og kjendisar på venstresida.
 
Kva så med dei såkalla "Natteravnane"? Skal dei som freistar å hindre kriminalitet og vald vere forankra på den venstreekstreme sida, då er eg redd for at det er mange av oss nordmenn som ikkje får tryggleiken vår ivareteken.
 
Eg har slett ikkje tiltru til Tore Bjørgo, korkje med eller utan professortittel, at han får slenge ut sin antipati mot sine meiningsmotstandarar i NRK gjer han ikkje meir truverdig i mine auge.
 
Så, Ingvill Bryn: Eg minnes godt den gangen for eindel år sidan då blitzpøbelen fekk stogga eit møte på Hotell Terminus, og knuste ruter i politibilar var eit resultat av deira aksjon. På Dagsrevyen om kvelden refererte du frå hendinga slik: "Nazistane måtte avslutte møtet".
 
Dei som du fann det forgodt å kalle "nazistar" var ein av Noregs høgst dekorerte motstandsmann frå 2. verdskrig, Erik Gjems-Onstad, Gunnar Øi, som under krigen vart torturert av Gestapo, desse saman med fleire andre krigsveteranar som deltok på møtet på Hotell Terminus fann du altså kjekt og greit å kalle "nazistar".
 
Kva tillit skal vi ha til deg, Ingvill Bryn? Berre synd at vi nordmenn må betale tvangsavgift til eit slikt system som NRK og liknande. Det synes for meg som at ein del nyheitsoppslag er vinkla slik at dei harmonerar med einskilde reportarar sine eigne politiske ideologiar. Slikt burde vere ei skam for den sjølvrosa og oppskrytte NRK.
 
Norvald Aasen,
6983 Kvammen