Ope brev til Andre N. Skjelstad, Venstre, Stortinget

Andre N. Skjelstad, Venstre.
Venstre utan ansvar for framtida!       
 
Eg ser på nett-nyheitene at du kritiserar Listhaug for å skape støy omkring asyltsunamien over Storskog, og at du kjem med kritikk av at ho ikkje har noko god avtale med Russland for tilbakesending av asylsøkjarar. Du ønskjer også ei rask integrering, seier du. Då meinar vel du integrering av oss nordmenn i dykkar framtidige kaotiske og rotlause idealsamfunn?
 
Dette er til å le av, herr Skjelstad. Har ikkje nettopp Venstre vore eit av dei partia som har laga øyredøyvande støy når nokon har vorte utsende, og som har gått mot alle tiltak som kunne avgrense migrant tilstrøyminga til landet? Har ikkje nettopp Venstre vore eit av dei partia som har ønska friast mogeleg innvandring?
 
No har vi endeleg fått ein statsråd som viser ansvar og som prøver å få gjort noko med masseinnvandringa til Norge. Sjølvsagt så får ho då på pukkelen frå dei som har stått fanatisk på krava som vil føre til at nordmenn vert ein minoritet i vårt eige land. Men de skuldar ho for at ho ikkje får utvist mange nok, nett det som de sjølve heller ikkje ønskjer!
 
Kan de prøve å opptre sannferdig og fortelje folket at det de seier ikkje er det de meinar? Trur de som set inne i den politiske glasskula, Stortinget, at alle vi ute på grasrota er idiotar? Rett nok kan det sjå slik ut når vi let oss lure til å velje inn i tillitsverv mange slike som no har karra seg opp på taburettar såvel i lokalpolitikken som i rikspolitikken. Med svært få unntak er det dugløyser som styrer samfunnet vårt i dag. Har også merka meg kva ein Venstre-representant frå Drammen bystyre uttala for ei tid sidan, at ho ville ofre tryggleiken og velferden til nordmenn for å ta imot migrantar. Ja, mange kjem utan ID-dokument, og kven som skjuler seg bak falske pass og ID-dokument vil ho dermed ikkje bry seg med, slik vi forstår. Tryggleiken i landet vil ho ofre. 
Dette er også slik vi kjenner m.a. partiet Venstre sitt mannskap. Slik passar dei godt som krykkjer for Krf og SV, for å nemne nokre.   
 
Ein annan ting vi skulle håpe at Venstre kunne fortelje oss er korleis det går an å arbeide for fri masseinnvandring og det å vere eit "miljøparti"? No er vi vane med at mange politikarar har eit avslappa forhold til sanninga, men denne vert då for tjukk! Korleis kan det tene miljøomsyn å forflytte store menneskemassar fra varme deler av kloden og hit til kalde nord-Europa, Norden og Norge? Her trengs oppvarming, stort forbruk av mat, klede, elektrisitet og det meste av alt, medan dei områda i verda der storparten av migrantar og asylantar kjem frå ikkje har den same trongen til livsunderhald grunna klima. Nei, Venstre er såvisst ikkje noko miljøparti, dei er det like lite som desse andre som skrik over seg om miljøtiltak. Miljøomsyn og folkevandringar slik vi ser dei i vår tid, frå sør til nord, er såvisst ikkje foreinlege!     
 
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
tel: 57731844