Til avisen Firda's redaktør Yngve Årdal og hans stab

Blar berre gjennom avisa som snarast og ser på nest siste side i dag, 15. 03. 2016 at Trude Brosvik tek eit oppgjer med framandfrykta. Slikt har ikkje avisa vanskar med å føre til torgs!
Det tek meg berre to minutt å bla gjennom, har slutta å lese reportasjar og andre "nyhende".

Trude Brosvik kan gjerne latterleggjere oss som har framandfrykt. Ho treng ikkje vere tilsmussa med slik "styggedom" ho som ikkje har korkje fedreland eller eige folkeferd å ha omtanke for. Vi som ser at vårt land vert rive vekk frå oss, og vårt folkeferd er i ferd med å verte framandgjort og utvaska, oss må ho og hennar kampfeller, meir enn gjerne harsellere med.

Gamald vane er vond å vende, veit vi...

Om ho/de kallar oss "rasistar" eller noko anna de kjem på i farten er oss knekkande likegyldig. I krisetider har vi ikkje opplevd at media/pressa har stått på folket si side, korkje no eller tidlegare. Redaksjonane er mest opptekne av dei nye herrefolka sitt ve og vel, og at dei hovmodige maktpersonane i samfunnet ikkje skal møtast med krasse kommentarar, men serverar sjølv lesarane og publikum meir enn gjerne det reine slarv.

I Firda den 15. februar kunne såleis avisa fortelje at flyktningane bidreg sterkt til den gode økonomien for Førde. Men kva skal dei bidra med, om eg må spørje? Dei forbrukar då berre! Det er staten som bidreg med feite sjekkar som takk for at kommunen støttar opp under masseinnvasjonen av landet!

Eg for min del har mista interessen for Firda, som for dei fleste andre aviser. Mine meiningar og politiske synspunkt får eg dele gjennom andre fora som held pustehola opne for oss som har meiningar som er politisk ukorrekte. Og når eg vert spurd kvifor eg ikkje kjem med kommentarar i avisa kan eg berre fortelje dei kvar mine meiningar er å finne på ulike nettstadar. Debattsidene er eg ikkje inn om for ikkje å verte freista til å skrive kommentarar.

Men eg vil nok tru at Firda er sjeleglad for å sleppe å sjå mine kritiske kommentarar til media og andre politisk korrekte si nye og truleg eksotiske tid!      

Norvald Aasen
Kvammen