Til Forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide

Avduking av byste av krigsveteranen Ragnar Ulstein i Ulsteinvik den 16. 04. 2016.

Avdukinga vart vist utdrag av på Laurdagsrevyen den 16. april d.å. Forsvarsministeren, Ine Marie Eriksen Søreide, fekk vi høyre eit kort intervju med under reportasjen. Ho uttala at desse krigsveteranane hadde ei historie og opplevingar som vi burde lytte til å lære av.

Dette er ikkje ordrett det som vart sagt, men slik eg merka meg bodskapen frå forsvarsministeren. Eg kunne ikkje vore meir samd med henne enn eg er i nett dette!

Men så er det dette med politikarar sine talar, og ikkje alltid samsvar mellom deira ord og handlingar.

La det vere sagt: Ragnar Ulstein var ein stor motstandsmann og fortener all den heider og ære han vert tildel!
 
Men eg vil minne forsvarsministeren om noko som eg vart kjend med i samband med krigsveteranen, Erik Gjems-Onstad. Mange kjenner til at han gav ut eit heimelaga hefte som han kalla "Nytt og Kommentarer". Heftet kom ut 10 gonger i året og tok opp ei rekke aktuelle politiske saker, og bladet hadde ei kritisk haldning til våre tider sin asyl- og innvandringspolitikk og fylgjene av denne politikken for vår nasjon og vårt fedreland i framtida.

For kvart blad som var ferdig hadde han sine faste abonnentar på lista si, og han var også innom Stortinget ved kvar utgjeving og leverte der konvoluttar med bladet til kvar av stortingsrepresentantane. Mellom dei var også Ine Marie Eriksen frå Høgre.

Ein gong han var på veg ut frå Stortinget såg han ned i ein bossdunk om nokon hadde kasta bladet der. Denne gongen låg der to brev i bossdunken, det eine var det som var adressert til Ine Marie Eriksen.

Når eg no høyrer den same personen oppmodar oss til å legge oss på sinne kva desse heidersmenn og -kvinner har opplevd og kva dei står for, vert slike maktpersonar sine ord for meg trist hykleri og falskheit.

Erik Gjems-Onstad fortalde meg om denne opplevinga og eg skreiv eit brev til henne som no er forsvarsminister. Eg fekk svar tilbake at ho berre las slike ting som var relevant for arbeidet i Stortinget.

Skulle ikkje ein politikk som vil få dramatiske fylgjer for folk og land i framtida, og som alt har fått det, vere relevant for dei "folkevalde" på Stortinget?

På NRK innslaget frå avdukinga i Ulsteinvik fekk vi vite at Ragnar Ulstein var ein av dei yngste som drog til England og som gjekk inn i Kompani Linge. Men Erik Gjems-Onstad var yngre enn Ulstein då han kom med i krigen. Erik var berre 18 år gamald då han stod med sykkelen sin på Karl Johan og såg tyske tropper innta Oslo. Han kom snart med i motstandsarbeid og som 19 åring drog over til Sverige, der vart han sitjande 3 månadar i fengsel inntil representantar for engelsmennene fekk han over til England i eit fly. Der gjennomgjekk han trening og også han kom inn i Kompani Linge. I 1943, berre 21 år gamald, vart han send til Trondheim som telegrafist og seinare leiar for milorg i Trondheim. Også han var ein av dei mest dekorerte motstandsmenn frå krigen, men så var det dette at han åtvara oss om at masseinnvandring ville ta frå oss den fridomen som dei hadde vore med å kjempa for - og vunne for landet vårt.

Slikt er ikkje god tone å høyre for dei som klamrar seg til maktstillingar ved det å vere politisk korrekte. Difor vart han forakta i store delar av det offentlege og offisielle Noreg, og av den politiske korrekte eliten sett på som ein utstøytt. Nokon som kalla seg "SOS rasisme" sende i 2008 brev til Kongen i statsråd med krav om å ta frå Erik Gjems-Onstad Krigskorset som han mottok for sin innsats under krigen. Statsminister Jens Stoltenberg sende brevet vidare til Forsvarsdepartementet for vurdering. Det rette ville vore å avvist eit slikt uhøyrt krav kontant. Ved dette høvet stilte Gunnar "Kjakan" Sønsteby opp til forsvar for Erik ved henvending til Forsvarsdepartementet.

Av slike grunnar var det nok ikkje naturleg for korkje ei politisk korrekt media eller andre øvregheitspersonar å legge inn eit godt ord om denne krigshelten då han gjekk bort i 2011. Men den store samlinga av vanlege menneske som møtte opp for å ta avskjed med Erik Gjems-Onstad viste at han var ein person som var høgt verdsett av dei som er glade i det landet han kjempa for gjennom krigsåra og i fredstid.

Og kva er det du forsvarar landet vårt mot, forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide? Vi vert jo okkupert for all framtid gjennom ein sivil invasjon som skjer dagleg, og det med styresmaktene og heile makteliten sin velvilje og tilrettelegging! Medan det mot eit naboland vert oppkonstruert eit fiendebilete for å gje inntrykk av at den politiske og militære leiinga er handlekraftig, står Noregs grenser opne som ei låvedør for den sivile invasjonen.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen               
Tel: 57731844