Arne Garborgs "Vaaben"

Arne Garborg, 25/1 1851 - 14/1 1924.
Norvald Aasen har sendt oss utklipp av ein artikkel som stod i Firdaposten i Florø, 8/2 2001. Dette trur me passar godt å minna politikarane våre om i desse tider.

Firdaposten 8/2 2001
av Harald J. Stavang

I desse dagar er det 150 år siden forfatteren Arne Garborg vart født (25/1 1851 - 14/1 1924), og vi spanderer eit lite minne om mannen som m.a. vart karakterisert som "jærbu og europear". Garborg var ein mykje samansett person, strengt pietistisk oppdregen, og ei tid fekk han ikkje lov til å gå på skule. Men han hadde uvanlege evner, og byrja på hjelpelærarskulen i 1866, 15 år gamal. 20 år gamal, gav han ut "Lærerstandens Avis" og to år etter Venstrebladet "Tvederstrandsposten". I 1873 reiste han til Oslo for "å studere eller døy", som han uttrykte det.

Garborg var ein lyrikar, djup diktar, og særs kvass polemikar. Han var sterkt oppteken av religiøse, nasjonale og sosiale spørsmål. Eit eksempel på den politiske polemikaren finn vi i avisa "Den 17de Mai - Fedraheimen" som han gav ut. Følgende stod å lese for snart 90 år sidan - laurdag 6. mai 1911:

Vaaben

So vere vigd til Hel
kvar rædde svikar-sjel
i Norgis land!
Kvar den som trulaust for
i verk og svikfullt ord
mot heim og fedrajord -
dømd vere han!

Heng han i næste tre,
grav han som pestfengd ned
på ubygd øy!
Og ingen gravstein graa
på denne haugen staa
hans namn i gløyma gaa,
hans minne døy!

Arne Garborg
(Dette diktet burde dei slå upp i Stortinget, når konsesjonsspursmaalet kjem fyre.)


Med hilsen
Norvald Aasen