Nazisme til høgre eller venstre?

Til Herr Atle Bjurstrøm.
Med kopi til NRK-leiinga.
 
I innslaget på laurdagsrevyen den 21.05. 2016 om den finske mannen som hadde forlate Den nordiske motstandsbevegelsen og som visstnok skulle vere nazist/nynazist, kom du i skade for å koble saman nynazisme og høgreekstremisme. Eg går ut frå at nynazisme er vidareføring av nazismen, det som eigentleg var Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet. 
 
Bilete som vart vist av Hitler i reportasjen stadfestar at nynazismen er vidareføring av Hitlers sosialistiske stormannsgalskap. 
 
Det vil seie at nazismen/nynazismen ikkje tilhøyrer høgresida, men er på den politiske venstresida eller - venstreekstremisme, forresten eit ord som av ein eller annan grunn synes å vere stroke frå NRK og resten av media sine ordlister. 
 
Ein vitug ung mann som eg trur du, Atle Bjurstrøm er, veit sikkert kva det raude i naziflagget symboliserte - jau, det var sosialismen. Og sosialisme har vel aldri høyrd til på høgresida? Vi har både internasjonal-sosialisme som er kommunisme og vi har nasjonalsosialisme som var/er nazisme/nynazisme. 
 
Dessutan kan det vel hevdast at nazismen ikkje var nasjonalistisk, det er nemleg ikkje noko nasjonalistisk ved det å gå til krig mot ein heil verdsdel, ja, jamvel inn på andre verdsdelar også for å legge andre statar inn under eigen stat. Slikt er ikkje nasjonalisme! 
 
Mykje tyder på at Hitler hadde planar om å samle minst heile Europa med omliggande områder som eit samla Europa under Tyskland. Dette er imperialisme, ikkje nasjonalisme. Hitler hadde også samarbeid med muslimske leiarar.
 
Det er vel også det vi ser i vår tid med eit samla Europa som etter kvart synes å ha planar om eit Eurabia, og som for tida kallar seg EU. Denne imperialistiske flodhesten har jamvel fått Nobels fredspris frå Jagland og co! 
 
Eg vil minne om at når vi er pålagde å betale NRK-lisens så har vi også rett til å påpeike det vi meinar er feilinformasjon frå statskanalen, noko eg frå tid til anna tek meg den fridom å gjere. 
 
Eg tek meg også den fridom å hevde at NRK, i likskap med det meste av norske media, ikkje er nokon nøytral nyheitsformidlar, men etter mitt syn er tydeleg på venstresida. Noko som vi politisk ukorrekte stadig merkar oss.       
 
Norvald Aasen, 
6983 Kvammen
 
INFO
Mandag 30 mai klokka 19.00 skal Jan Hårstad holde foredrag om islam og globalisme i Josefine gt. 12, Oslo.