Norge 1814 -2016

Ideen og praktiseringa av «nasjonalitetsprinsippet» oppstod på byrjinga av 1800- talet, og vart saman med nasjonalismen den førande krafta til at nordmenn gjorde opprør mot Kieltraktaten der Danmark avsto Norge til Sverige. Denne hestehandelen ville ikkje nordmenn finne seg i og dei 112 valde eidsvollsmennene proklamerte Norge som sjølvstendig stat med eiga grunnlov, vedteken på 17. mai 1814.

Nasjonalitetsprinsippet går ut på at eit folk som har eit felles opphav, språk, tradisjonar, og som identifiserer seg med kvarandre som eit nasjonalt fellesskap, også har rett til å danne eigen stat.  Dette prinsippet vart etter kvart anerkjent som retningsgjevande i mange land og i internasjonal politikk.  Men så enkelt skulle det ikkje verte for Norge som hamna i union med Sverige fram til 1905.

Åndsretninga i Norge som vart kalla for «nasjonalromantikken» slo ut i full blomst på midten av 1800- talet.  Då vart det etter kvart mange patriotiske nordmenn som arbeidet for å levandegjere den nasjonale kulturen og tradisjonane m.a.  for å styrke den nasjonale identiteten.

Innanfor historieforskinga finn vi Peter Andreas Munch som gjorde eit banebrytande arbeid i norrøn filologi, mytelogi og historie.  I folkeminne- og språkforskinga hadde vi Ivar Aasen, Magnus Brostrup Landstad, Peter Asbjørnsen og Jørgen Moe.  Innan musikken hadde vi Ole Bull, Halvdan Kjerulf og Edvard Grieg.  Og i diktinga fekk vi blant andre Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Johan Sebastian Welhaven.  Nokre av dei var ei tid i utlandet og vart enno meir merksame på betydinga av å ha kjensla av ein sterk nasjonal kollektiv identitet.  Dette var viktig å styrke med tanken på å oppnå sjølvstende frå Sverige.  I Norge reiste Ivar Aasen på kryss og på tvers til dei ulike grendene.  Der gjorde han også sosiale erfaringar mange av «dei nye»  som har innvandra til landet burde teke meir til seg: «Ein må ta skikken dit ein kjem!»

Ein som hadde ein særleg sterk nasjonal og sosial appell i sitt forfattarskap var Per Sivle. I ei av diktsamlingane hans; Noreg som han gav ut i 1894, finn vi eit dikt med ein sterk appell til etterslekta.  Framtidsutsikta for fedrelandet ser langt mørkare ut i dag med ein innvandringspolitikk der styresmaktene synest å bere preg av å ha mista kontrollen - enn den gongen Per Sivle skreiv dette diktet og vi var i union med Sverige.

Magnar A. Bakke



NOREG

Og Noreg vart funne,
og Noreg vart bygt.
Og Noreg vart samla,
og Noreg vart trygt.

Og Noreg vart svike
og Noreg vart strypt.
Og Noreg vart rive,
og Noreg vart klypt.

Og Noreg tok spenne-tak,
kom seg på fot.
Og Noreg det auka
i evle og mot.

Dei flidde det krykkja,
dei flidde det stav.
Men Noreg, det vil inkje
vite derav.

På sjølveigen grunn
og med fana si reim,
det fritt orkar standa
på sjølveigne bein.

Og slik skal det standa
som dugande kar
- so sant inkje nordmenn
«slær krok» for sin far.

Om Noreg påny
vert basta i band,
so fell det for svikefull
nordmanna-hand.

Men stuper det atter
vårt Noreg for svik,
lyt svikaren trø
over nordmanna-lik.

Gjev handa di, bror min,
me lovar og kved:
Skal Noreg gå under,
so vil me gå med!

Per Sivle
1894