Sumarkveld på Åsatunet

Av Norvald Aasen

Når sumardagen lir mot kveld
Og ljoset sloknar som ein eld,
Då kviler Bamsefar og eg
På tunet framfor stovevegg.

På Åsatunet sit vi slik
Så mang ein kveld og er så rik
På fred og ro og blomar små
Som milliardærer ei kan sjå.

Her sit vi i den svale fred
Med skogen rundt oss - like ved.
Vi ser mot Heilefjellet opp
Mot lier, slette, berg og topp.

Ned under oss ligg Vikja blank,
Den gav so mang ei fiskehank
Som kom til gards med slit og knog
Og smerten gjennom kroppen jog.

Eit fly mot Florø haster fram,
Eg nippar til ein liten dram.
Han Bamse luktar smått og stort
Og spring til skogs for å ta hjort.

Slik er vår bit av dette land
Som verjast skal av Nordmanns hand.
Om folk for svikarhand må blø
Så skal til sist kvar usle svikar dø!


Åsen, 21 juli 2004 (kl. 23:45).
Norvald Aasen