Soga om trollet som ville til Berlin å fri

Av Torstein

Det var ein gong eit troll, ein rise dei kallar, sø vakna upp nord i bergjet herom dagjen etter å ha sovi uti hundrade år.

Mykje hadde hendt sia sist han va vakjen, og mykje hadde endra seg.
Han hadde enno ikkje fengje seg ei kjering slik han totte ho skø vera, for gygrene inne i Oslo ville han ikkje vita noko tå, dei va sø keisame og ustyrlege at han hadde gjevi dei upp, alle sø ein, må vita.

Sø fekk han greie på at der hadde komi ei ny gyger i Berlin, ho va både mektig og rik som seg vel høvde, og henna ville han ha meir greie på. Med sjaveseg totte han at om han no tedde seg godt, ville ho nok seie ja, likandes kar sø han va.

Han drog på seg sjumilstøvlane og strauk av garde.

Langt om lengje kom han til Berlin, og ein slik by hadde han aldri sett; der va breie gatur og høge hus alle stader. Overalt va der mykje folk i alle fargar, mange brune, mange svarte, fleire raude og nokre få kvite, men mykje merkelegare va det at alle gjekk med hovudet på skakke?

Han laut spørje kva detta va for noko og fekk til svar at dei hadde innført full multikultur i landet og at alle måtte gå med hovudet slik. Men kvifor på skakke mot venstre? Det va sjavsagt fordi dei va gode og rette venstrevridde multikulturalistar. No vart trollet tagalt, han turde ikkje spørja meir om detta, kven visste korleis det då gjekk?

Sø fann han fram til palasset der sjave gygri heldt heime, han banka på dynni og kom inn i ein endelaus storslått sal med speglar, gull og sylv over alt; i takjet hekk der lange istappar som såg ut som blenkjande lysekronur, og iskaldt va der i romet au når han kjende etter:

-Huttetu undra han seg, kvifor er det så beinkaldt hera då? Han tok til å stunde etter åren og gruva heime i bergjet, og totte det va best å snu.

Då va der ei pipande røyst som kveste imot han:

-Kven er du og kva vi du hera? Det va gygri sjava sø spurde, og no kvapp han verkeleg.

-Jauv, han sa no kven han va og bar fram ærendet sitt. Rett sø det va, fall det nokre istappar ned frå takjet som nestan råka han.

-Kva seier du, gifte meg med deg, kvissleis vågar du koma hera og tru slikt? Det fall fleire istappar på golvet framom.

- Eg er då gift, eg! Eg er gift med Europa, og det i all æva og truskap! Sjå te å kome deg herifra, elles kastar eg deg i kjellaren, og der er det kaldt, kan eg lova deg!

Det hagla med istappar på alle kantar, sø risen la på sprang det beste han kunne for å berge seg. Ut, opp og fram over stokk og stein, land og hav bar det, aldri hadde han fari sø fort for å kome seg heim i bergjet norafjølls.

- Huttetu, alli meir vi eg til Berlin, eg trur dei e galne alle som ein der neri Europa, eg!

Og den lovnaden held han nok, skal du sjå!

Torstein