Til Tom Nilssen, på Dagsrevyen den 17. juli, 2016

Til Tom Nilssen, nrk.
Frå lisensbetalar: 501170118

Vil endå eingong kommentere nrk sine faste innstikk av propaganda i kvar einaste nyheitssending om dette med "nordmenn" som gjer ditt og datt.

I kveld fekk vi høyre om "nordmenn" som reiser til Tyrkia etter kuppet. Bileta frå flyplassane viser at det slett ikkje er berre nordmenn som er på reisefot, men også tyrkarar som skal vitje heimlandet sitt.

Så kan du, Tom Nilssen, på Dagsrevyen den 17. juli, fortelje sjåarane at "nordmenn" kastar store mengder mat. Ved sjølvsyn har eg sett at mange av dei som kastar mat ikkje er nordmenn. Desse propaganda dryppa synes eg minner om Gøbbels sin strategi for å villeie det tyske folket, der hans metode var at når ei lygn vart gjenteken mange ganger så vart den sanning.

Eg er ein nordmann, på vel 70 år som alt i folkeskulen fekk lære at nordmenn er ei etnisk nemning på eit eige folk som har sitt opphav og sin heimstad i Noreg. Den gongen fekk vi vite sanning, idag får vi inn dagleg propaganda via det lisensbetalte statsmonopolet, NRK, saman med fleire andre aktørar på området. Denne propagandaen går ut på at nordmenn ikkje lenger er eit folk - ein nasjon - og vårt fedreland er heile verda sitt eige.

Under den ekstra nyheitssendinga for nokre dagar sidan i samband med statskuppet i Tyrkia, kunne Ingvill Bryn, fortelje at ein tyrkar i NRK var "nordmann", men foreldra var tyrkarar. Dette er då berre tøv, ja, men ikkje betre å vente. Personen med to tyrkiske forelde vidarefører då etnisiteten frå foreldra, dette sjølv om vedkomande skulle ver på månen. Skulle det vere ei skam å vere tyrkisk?

Vi kan jo lure på kven de mediafolk har mandatet frå når de kan dele ut etnisk tilhøyrigheit i aust og vest i hytt og pine?

Vi er etter kvart mange som merkar oss denne daglege dosen av propaganda gjennom nyheitsendingane, men den aukar heldigvis den folkelege forakta både for media og dei som boltrar seg med uttrykk og omgrep som tydelegvis skal provosere oss nordmenn. Og som truleg i mange høve samsvarar med den einskilde sin eigen politiske oppfatning? No er det lenge sidan eg har funne døme på nokon eg vil kalle nordmenn innan media. Dei fanst for lenge sidan!

Eg kan minne om at av omlag 5,2 mill. busette i Noreg er kanskje opp mot 1,5 mill ikkje nordmenn. Så altså, Tom Nilsen: Det er ikkje berre nordmenn som kastar store mengder mat. Jamvel asylsøkjarar har eg høyrt kastar kjøttkaker i veggane på asylmottak. Og desse synes eg å hå skjøna er media sine hjartebarn?     

Norvald Aasen, 6983 Kvammen