Idrettspresident Tom Tvedt's kritikk mot Russland

Av Norvald Aasen.

Til Idrettspresident Tom Tvedt.

I forkant av OL i Rio var du svært så bastant og høgrøysta i din kritikk mot Russland og dine sterke ord om å "sparke" ut utøvarar frå dei statane der doping føregjekk.

Spesielt var du politisk korrekt med din hets mot russiske utøvarar og Russland.

I lys av seinaste dagar sine avsløringar om bruk av astmamedisin til friske norske idrettsutøvarar, og den tragiske Sundby-saka, kunne det kanskje passe med ein litt meir dempa språkbruk frå di side? Orsakingar ligg nok ikke så lett føre dei som sit på toppane i dette samfunnet der sjølvros har vorte til dumskap.

Det som no kjem fram vil utan tvil få gloriane til å falme når våre flotte sportsutøvarar innan vinteridretten stig opp på sigerspallane i åra frametter.

Og det er ikke utøvarane sin feil, men eg vil heller tru det er systemet som har svikta - slik de hevdar det har skjedd i Russland. Og trur du at folk flest vil meine at du skulle vere fri for skuld?

Norvald Aasen,
6983 Kvammen