Til URIX redaksjonen og NRK

Av Norvald Aasen.

Urix den 24.11. 2016.

Før kveldens URIX sending fortel programleiaren oss via TV-skjermen at ho i denne sendinga vil ha ein gjest som hevdar at nordmenn veit mindre enn aper om korleis verda ser ut.

Dette fortel meg fleire ting. For det fyrste så får vi her stadfesta at innvandrarar ikkje er nordmenn, i motsetnad til det vi til stadigheit vert dopa ned med av journalistar, ikkje minst i NRK. For dei nye herrefolka her i landet kan då ikkje kallast aper! Om eg hevda dette så ville eg for resten av livet sitje i buret som "rasist".

Dessutan er det hevda i muslimane si heilage bok at vi vantru, som også er nordmenn, er etterkomarar av aper og svin. Altså, det er berre nordmenn, og slett ikkje dei framande, som veit mindre enn aper!

Og når vi nordmenn er vorte så kunnsapslause og dumme at vi ikkje når opp til apestadiet så ser eg det som eit resultat av at vi dagleg, år etter år, vert hjernevaska av norske journalistar med media sin desinformasjon, forvrengingar og lygner.   

Som ei gåve, og "takk" for desinformasjonen også frå NRK, vil eg gjerne minne URIX-redaksjonen og deira gjest om nokre ord fra jus.prof. Nikolaus Gjelsvik, som skreiv om den rette træleæra. Her skriv han mellom anna dette: "Men den, som sputtar på sitt eige folk og på det, som høyrer folket til, han vert velsedd hjå framandherrane. Den mannen kann dei bruka".

Norvald Aasen,
6983 Kvammen,
Tlf: 57731844.