Kongen som sa Nei! Og han som seier Ja!

Kong Håkon den 7
Av Norvald Aasen.

Kong Håkon den 7. var under krigen symbolet på kampen mot framand okkupasjon av Noreg ved sitt Nei til den tyske okkupasjonsmakta.

Våre dagars Konge synes å ha ei heilt anna haldning enn sin bestefar til framand innvasjon. Under kongefamilien sin hagefest i Slottsparken den 1. september d.å. fekk vi fleire døme på at vi ikkje må halde det sjølvsagt at dagens Konge og kongefamilie lever opp til Håkon den 7. sin kamp for nordmenns fridom og forsvar av eige heimland.

Kongen si tale var ei tragisk oppleving for nordmenn med nasjonalkjensle, og sjølvsagt vart hans ord hylla av det politisk korrekte hylekoret i landet, herunder media. Noko anna var ikkje å vente då media forlengst har snudd ryggen til dei to folk som har historisk heimstadrett til Noreg.

Under Kongen sitt besøk i Sametinget for nokre år sidan uttala han dei ord som Høgsterettsjustitiarius Carsten Smith forma i si tid: "Staten Norge er dannet på territoriet til to folk, nordmenn og samer".

Dette er ei sanning som Kongen fann å uttale ved det høvet, men som han no tydelegvis har gått vekk frå.
Staten Noreg er såvisst ikkje danna på territoria til folk frå Afghanistan, Pakistan, Somalia, Syria eller Sverige, slik vi kan forstå Kongen og andre politisk korrekte talsmenn og -kvinner.

I talen som han held under hagefesten i Slottsparken seier han dette: "Nordmenn har også innvandret frå Afghanistan, Pakistan, Polen, Sverige, Somalia og Syria".

Dette er utrulege påstandar. Og dette er heller ikkje sant! Dei einaste nordmenn eg veit som har kome til Noreg frå Afghanistan er dei som har tenestegjort i NATO sin innblanding i borgarkrigen i landet, og som har kome heimatt med livet i behald.

Kongen ramsa opp i talen sin alle gudane som ein kunne tru på her i landet, også Allah, men nemnde ikke at Noreg har vore eit kristent land gjennom tusen år. Er det like lett å vere kristne i land der Allah rår som det er å tru på Allah i kristne Noreg? Kanskje kunne det vore nemnt noko om dette under denne fleirkulturelle såpeoperaen?  
 
Meinar kongen at hans, og kongefamilien sine, utanlandske vener alt har okkupert landet og at dei skal erstatte oss nordmenn, og på toppen ta vårt namn som folk, eit etnisk namn som også er ein viktig del av vår identitet? Eg vil be Kongen lese dei to fyrste versa av Ivar Aasen sitt dikt "Nordmannen". I fyrste verset les vi: "Millom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå deim". I andre verset står det: "Han såg ut på dei steinute strender, der var ingen som der hadde bygt. Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eiga me rudningen trygt".

Men så sit vi altså ikkje så trygt på rydningen og på tuftene våre likevel, skal vi tru Kongen og hans flokk!

Som alibi for sin "kongstanke" har Kongen og hans menn, eller hoff, henta inn ein 17 år gamal irakar Ali al-Jabri. Han røyrde visst både Kongen og Mette Marit til tårer då han gjekk på talarstolen og støtta Kongen sitt hån mot oss nordmenn ved å seie: "Etter ti år i Norge står jeg overfor dere som et bevis på at det å være nordmann og muslim, kan samles i en og samme person".

Det skal vere visst at han meinar at han står over oss, i alle høve med dei støttespelarane som han har i ryggen, på - og utanfor - festen i Slottsparken.

Kongen sin son, Håkon Magnus, har også før lansert uttrykket "Nordmenn av alle etnisiteter".

Men no er det eingong slik at nordmenn/nordmann er ein etnisk betegnelse på vår nasjon, noko Kongen sjølv stadfesta i talen sin i Sametinget, som før nemnt. Men det kan vel ikkje vere enkelt for dei som skal forhalde seg til dei politisk korrekte krava frå slike som vil vårt folk til livs. Kan berre minne om kva Thomas Hylland Eriksen uttala i eit intervju:  "Den siste kvite flekken består i å dekonstruere majoriteten, og gjere det så grundig at den aldri mer vil bli en majoritet". Med andre ord så pågår ein kamp for at nordmenn aldri meir skal verte ein majoritet i vårt eige fedreland.

Kongen verkar også historielaus når han i talen sin seier at hans besteforeldre innvandra frå Danmark og England for 110 år sidan. Det er nok truleg at den som skriv taler for Kongen har sine agendaer, men Kongen burde la vere å framføre alt han får seg presentert. Den som vart Kong Håkon i 1905 ville ikkje ta kongeoppdraget utan at nordmennene ønskte det. Difor vart det halde folkerøysting om landet skulle ha kongedømme eller republikk. Folket sa Ja til monarki, og den då, prins Carl, vart på bakgrunn av folkeviljen beden om å verte Konge. Det var såleis ikkje nokon innvandring, men eit ønskje frå folket om at han med familia skulle kome hit. Slik sett var dette historieforfalsking framførd av Kong Harald.

Språkbruken frå Kongen og andre under den multikulturelle hurrafesten i Slottsparken verkar meir som eit ønskje om å trakke på nordmenn sine kjensler for landet vårt, og vår rett til å vere eit folk med vår identitet og det vi kjenner som vårt! Det er også eit hån mot dei slektene som har gått føre oss gjennom tidene. Lever Kongen godt med det?

Men som jus.prof. Nikolaus Gjelsvik skreiv alt i 1920-åra om den rette træleæra: "Den som sputtar på sitt eige folk, og det som høyrer folket til, han vert velsedd hjå framandherrane. Den mannen kann dei bruka". - Og då så!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tel: 57731844