Til Olav Fykse Tveit, Leiar av Kirkens verdensråd

Olav Fyske Tveit
Av Norvald Aasen.

Eg fekk sjå deg på Nrk Tv sin nyheitsending den 19. jan. 2017 der du visstnok deltek i samlinga av verda sin maktelite.

Du fortel at du er aktiv med å fortelje utanlandske delegatar om asylsøkjarar sine kår i Norge. Det er å forstå slik at du svertar ditt eige land overfor andre delegatar i dette rottebolet (min karakteristikk). Dette fordi landet ikkje ønskjer at innvandrarar og asylsøkarar skal lyge seg til opphald i Norge. Din innsats på dette feltet har vel samanheng med den saka som no er aktuell om mannen som har fått tilbaketrekt statsborgarskapet grunna det som utlendingsforvaltninga meinar er lygn om hans identitet. 

Du seier at Norge gjer mannen statslaus. Det treng han då ikkje verte. Han kan reise tilbake til heimlandet der han verkeleg kom frå og der familie og nærmiljø kan stadfeste hans opphav. Eit kvart land i Afrika, og andre u-land, vil ta imot ein slik mann med dei kunnskapar og den kompetanse han har erverva seg etter studiar og arbeid i Norge. Meinar Kirkens verdensråd, og du, at det er rett å vere aktiv i å bidra til hjerneflukt frå fattige land for at dei kan ha eit betre materielt liv og høgare løn i vårt land enn dei vil ha i heimlanda? Då gløymer truleg dette kyrkjelege rådet skilnadane i levekostnadane her og ute. Og de bryr dykk heller ikkje om kva god utdanning betyr for land som skal byggast opp?

Elles så trur eg at du vil nytte dine kontaktar, som du skapar ved å sverte Norge, til forståing for at i vårt land kan einkvar kome og fritt lyge og bedrage og likevel få vere.

Er det dette signalet du vil ha ut i verda, Olav Fykse Tveit?

Vi har alt ei stor innvandrarbefolkning her i landet som litt etter litt vil vekse oss nordmenn over hovudet, og der vi nordmenn med tida vil verte fortrengde og utvaska som nasjon.

Er dette også i dine planar, saman med dette truleg venstrevridde kyrkjerådet? Der er du i alle høve ikkje på kollisjonskurs med kyrkjeleiinga i Norge. Eg sjølv trur ikke på venstrevridd "kristendom", religion var bannlyst av såvel Mao som Hitler og Stalin. Så venstrevridd "kristendom" trur eg er ønskje om å kunne binde menneske i politisk korrekte tvangstrøye og lygn.

Om din, og dykkar, plan er at nordmenn som nasjon litt etter litt skal utviskast så trur eg du kan sjå lyst på framtida for dykkar sak. Det er mange mektige krefter som samarbeidar i det prosjektet. Globalistane likar ikke frie menneske og eigne frie nasjonar!

Når verknadane av dykkar prosjekt vert det daglege liv for restane av eit gamalt folkeferd, vil eg be deg at du fortel dine etterkomarar at dette var du med på å stelle i stand for dei. Kanskje vil dei takke deg - kanskje ikkje?

Slik eg oppfattar deg og andre "kristne" leiarar i fedrelandet så viser den aktuelle saka om Mahamud at de ønskjer at lygn og uærlegdom skal løne seg. Det er det nok mange ute i den store verda som vil drage nytte av. Dette vil vere ei av fylgjene av dine svertekampanjar mot Norge i rottebolet i Davos. I slike miljø blømer globalismen og ufridom.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
T: 57731844