Alt for Norge?

Av Norvald Aasen.

Til
Harald Stanghelle, Aftenposten
og Lars Petter Forberg, Slottet

Viser til Dagsrevyen sitt intervju med dykk den 21.02. 2017 i høve Kong Harald sin 80 års dag.

For underteikna var innslaget og dykkar utsegner som venta og mest å rekne som tvilsame utsegner og ikkje så lite avgudsdyrking. Nina Owing legg dykk ord i munn, og får dermed dei svara ho vil ha som propaganda til folket.

Lars Petter Forberg fortel at Kongen er svært medviten sitt valspråk "Alt for Norge". Er de så sikker på at det er eit samla folk som gjennom dei seinaste tidene har fått kjensle av at dette er sant? Truleg har mange av oss heller fått kjensla av at Alt for Noreg er skifta ut med Noreg for alle - eller aller verst, Noreg for Allah?

Harald Stanghelle seier også at Kongen er eit samlingsymbol for folket. Dette er også for underteikna ein svært tvilsam påstand. Eg, og truleg mange med meg, føler ikkje at vi er med i den flokken som Kongen samlar under seg.

Når det gjeld den viktigaste politiske saka i vårt land si historie, masseinnvandringa og omforminga av vårt norske samfunn til eit multietnisk og fleirkulturellt samfunn som vert stadig mindre norsk, så har venstresida, som støttar ei slik utvikling, funne å bruke Kongen og hans familie for alt dei er verd til støtte for si sak. 

Og Kongen og kongehuset har villeg lete seg bruke. Ved kongelege vitjingar ved asylmottaka sit deira verbale gotteri laust, og media jublar og formidlar dette vidare til folket i beste sendetid. 

Dette er den same venstresida som rimeleg raskt ville kvitta seg med monarkiet om dei ikkje kunne brukt kongehuset til eigne føremål. Men når kongehuset og Kongen og Dronninga har lete seg bruke i venstresida sine planar for eit framandgjort Noreg, så er monarkiet freda. Og venstresida og deira media og institusjonar driv såleis si propaganda overfor folket for å fremje det sterkaste kortet dei har i kampen for eit nytt Noreg, der nordmenn meir og meir vert sett på sidelinja i eige land.

Er dette Alt for Noreg, må eg spørje? Og er dette å vere eit samlingsymbol for landet sine eigne to folk, nordmenn og samar?

Eg kan ikkje sjå at den oppskrytte tala som Kongen framførde i Slottsparken den 1. sept. 2016 var noko godt signal for oss som har vår heimstadsrett til Noreg. Kongen fortalde oss ved det høvet at det var nordmenn som innvandra frå Afghanistan, Pakistan, Somalia m.fl. Kan dette kallast anna enn hån mot dei to folk som historisk eig det territoriet som staten Noreg er etablert på?

Mykje meir kunne eg sagt her med skal la det vere med dette, men eg er ikkje noko tilhengar av avgudsdyrkinga korkje når det gjeld kongelege eller andre som vert nytta for at visse grupper i samfunnet skal nå sine politiske og ideologiske  mål.

For underteikna, som har vore tilhengar av monarkiet gjennom det meste av livet, er det no vondt å sjå kva veg Kongen og hans hus har lete seg leie inn på, og som for meg korkje vitnar om noko "Alt for Noreg" eller om ei kongefamilie som eit samlingsymbol for Noreg sine heimehøyrande folkeferd, nordmenn og samar. Eliten si nye tid er ikkje vår tid!
  
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
Dato: 21.02.2017
57731844