Til Statsminister Erna Solberg: De sit i eit falleferdig glashus!

Av Norvald Aasen.

Eg ser på nettaviser den 5. jan, 2017  at du, Erna Solberg, seier at forholdet til Russland er blitt "mer trøblete".

Og kven må ta skulda for det, statsminister? At vesle Noreg skal innføre straffetiltak mot Russland er ein slik grunn. Noreg nektar visum til russiske borgarar, men når så Russland nektar visum til norske borgarar er verdsfreden i fåre, får vi inntrykk av.

Russland rustar opp, seier Børge Brende i ein tåkeprat på Dagsrevyen nyleg.

Har Russland noko val i så måte når verdas mektigaste militærallianse rustar seg opp mot grensene til Russland, ja, kloss opp til grensene med både personell og militærutstyr?

Russland har gjort noko som ikkje har vorte gjort sidan 2. verdskrig i Europa, jallar Brende og Stoltenberg som fyrstesongarar i hylekoret. Russland har gått inn i eit anna land med militære styrkar, vert det sagt.

Jau då, Erna Solberg, dette har vorte gjort av andre etter 2. verdskrig, og Nato har gjort det. Dei/ de gjekk inn i Serbia, tungt militært, og rana Kosovo frå Serbia for å forære provinsen til muslimske albanarar, kosovoalbanarane.

De seier at Russland støttar opprørarar i aust-Ukraina, men kva gjer de i Nato og vesle puslete Noreg? For utan det nemnde felttoget i Serbia, så går de inn og tek side i borgarkrigar i Afghanistan, Libya, Irak og Syria for å nevne nokre døme. De sender militært personell til Georgia og Polen og fleire.

Så, Erna Solberg og Børge Brende og andre i hylekoret mot nabolandet vårt, Russland: De sit i eit falleferdig glashus! Og med dykkar Russlands hets håpar de at folket ikkje skal sjå det som skjer på heimebane.

Grunnen til hetsen, der de har alliert dykk med media for å hause opp hatet mot Russland, er at Putin vil forsvare og verne om det russiske folk sin rett til å leve i sitt eige land i fred. De har gjort Putin og Russland til hovudfiende fordi  landet ikkje vil kaste seg inn i dødsdansen som vestlege politikarar for tida svettar seg gjennom over heile Vesten, og som de gjerne vil ha Russland med på for at også dei kan gå dukken i dragsuget etter det havariet som de er i ferd med å skape i heile Europa.

Eg vil nemne for deg, Noregs Statsminister, §1 i Grunnlova: "Kongerike Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udelelig og uavhendeleg rike".

Så spørs det om innvandringa og framandgjeringa av Noreg er i tråd med Grunnlova? Det tvilar eg på!

Dessutan ber eg deg merke deg at paragrafen også nemner avhending. Det er nett dette eg ser har vore norsk politikk sidan slutten på 1960-talet då innvandringa, framandgjeringa og avhendinga tok rennefart mot landet mitt.

Nyleg uttala din ven og samarbeidspartnar, Jens Stoltenberg, at Nato var vellukka i sine operasjonar. Har Nato vore vellukka i Libya, i Afghanistan og andre områder der deira krigsromantiske draumar har vorte sett ut i livet? Det de har skapt i kjølvatnet av Nato sine "operasjonar" er å ha blitt fadderar til dei mest grufulle terrorgrupper verda kan tenkast å kunne ha avla.

Thorvald Stoltenberg uttala omlag i 1999 at han såg det berre som positivt med ein muslimsk stat i hjartet av Europa. Slik det ser ut no så vil truleg gamlefar Stoltenberg få sine ynskjer meir enn oppfylte. I fylgje Det muslimske brorskapet så er det ikkje nok med berre ein stat, men at heile Europa skal verte muslimsk. Dette er også eit brorskap som forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide har omtala i varme ordelag. (Sitatet kan eg skaffe om det har interesse) Kan dette bety at norsk offisiell politikk har samanfallande interessar med det muslimske brorskapet sine planar for islamsk erobring også av vår verdsdel? 

At Putin og Russland ikkje vil delta i denne vestlege sjølvutslettande dødsdansen ser eg på som ein sterk grunn til det vestlege russarhatet. Denne stadige hetsen verkar å skulle vende folk sin merksemd vekk frå Europa og Noreg sine eigne politiske problem og politikarane sine skjulte baktankar. Det verkar lite truverdig når europeiske statsleiarar samlar seg med alvorstunge andlet, og hand i hand, etter terroraksjonar, når vi veit at media og politikarane kan dele på ansvaret for dei tilstandane vi no lever under i Europa - og i heile Vesten. 

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tlf.: 57731844