Ope brev til Philip Lote, NRK

Av Norvald Aasen.

Diverre så er eg tvangsinnmeld gjennom min lisens i NRK og må fylgje propagandaen de serverar oss. I kveldens sending, 14.03.2017, får vi ei ny oppleving av kor livredde de journalistar og andre politisk korrekte er for at europearane skulle tenke på å ta vare på seg sjølv.

Vi såg det ved Brexit og Trump, og no er det vala i europeiske land som de er livredde for ikkje skal gå dykkar veg.

Slik eg opplever dykk, både i NRK og i andre nyheitsmedia i Norge, så er de ikkje nøytrale i dykkar formidlingar.

Er det redsle hjå dykk for at Brexit og Trump kanskje fortel at venstremedia er i ferd med å miste det maktgrepet som de gjennom mediamonopolet har halde heile Vesten i gjennom mange tiår, og som har halde oss nede i ei tvangstrøye der de fritt har kunne drive dykkar propaganda slik de sjølv har funne for godt? 

Du og dei andre journalistane snakkar om Wilders som leiar av det høgrepopulistiske partiet, og Wilders som høgrepopulist. Kvifor ikkje bruke namnet på partiet til Wilders, Friheitspartiet? No er då eigentleg ikkje det å vere høgrepopulist noko fælt. Høgrepopulisme må sjåast som det at politikarar og eliten lyttar til folket og er folket sine sanne leiarar.

Venstrepopulisme er det motsette, der eliten lyttar berre til seg sjølv og ignorerar folket. Slik har sosialismen alltid vore, enten leiarane har heitt Stalin, Hitler, Mao eller Pol Pot.

Så de må gjerne kalle meg, underteikna, høgreekstrem, høgrepopulist eller kva anna de vil, eg vil takke og bukke når eg veit kva svineri som har lege, og som ligg, på den politiske venstresida.

Men ei gladnyheit frå Oslo hadde då Dagsrevyen, den 14.03.2017, å fortelje oss, der var det opna ein bokhandel som berre skulle selje Koranen. Når vi so veit at mange muslimske land som styrer etter Koranen sin bodskap og krav ligg i ruinar, med lik og blod, men som likevel journalistar og venstremedia kallar m.a. ein arabisk vår, så må vel dette seie noko om kva framtid som ventar i Europa når venstresida vinn fram med sine kandidatar ved val?

Norvald Aasen, 6983 Kvammen 
57731844