Kongens Dobbeltale

Av Norvald Aasen.

Til Norge iDag v/ redaktør Sæle og redaksjonen.

Eg les i denne avisa den 11. mai 2017 at Kongen har sagt at "norsk kultur utvannes".

No er det ei tid då alt som kjem frå kongehuset vert slege opp som om orda kom frå ein eller annan gud, og at kongehuset sine medlemar er noko heilagt som har dala ned frå ein annan klode.

Men kjære Norge iDag, når de slær opp slike ord av Kongen, som for ein gong skuld er rette, er dette noko som vi andre har sett og påtala i åresvis, ja, i fleire tiår, men som vi har vorte ekskluderte frå samfunnet for å hevde. Då bed eg dykk merke dykk Kongen si tale i Slottsparken den 1. september 2016. I den talen hadde ikkje Kongen noko vanskar med å uttale noko som smerta mange av oss nordmennene.

Her uttala han mellom anna at: Nordmenn har innvandret fra Afghanistan, Pakistan, Somalia, Syria m.fl. Slike ord er eit reinspikka hån mot nordmenn og vår kultur. Denne talen gjekk verda rundt og framstilt som eit mesterverk. Frå mitt syn var talen eit makkverk!

Utvatninga av norsk kultur har Kongen og hans hus tala varmt for og støtta av hjartans lyst, slik eg ser det! Når han seier at afghanarar, pakistanarar og somaliarar er nordmenn, ja, då må den kulturen som dei har med seg også vere "norsk kultur". Dermed vert vår kultur utvatna til ei blanding av hummar og kanarifugl. Beklagar så Kongen dette? 

Det går då ikkje at han i ein samanheng hånar vår kultur, ved å uttale seg slik han gjorde, for så ved eit anna passande høve å fortelje at vi må verne om kulturen vår. Og om fåren for at den vert utvatna. Det må då kunne krevjast at Kongen held ei konsekvent linje. Enten er han for oss og vår kultur og det som vi kjenner som vårt, eller som han sa då han besøkte eit megaasylmottak i Råde for ei tid sidan, vi må vise kva som bur i oss og ta imot dei som kjem hit. Ja, dei som kjem hit i tusental årleg utvatnar norsk kultur. Litt edruelegheit må vel kunne krevjast også av landet sin monark og hans familie. Sjølv ved kongelege festlegheiter?

Underteikna har det meste av livet vore tilhengar av monarkiet. Det har kome mange dropar med åra som har fyllt begeret, men den dropen som fekk begeret til å flyte over, og som gjorde slutt på mi støtte til monarkiet var Kongen sin tale i Slottsparken den 1/9 -2016. Den talen vil for all mi tid vere avgjerande for mitt syn på Kongen og hans hus!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen.

DEN MAKT SOM VINNER PÅ VERDI.
Av Arne Garborg.

Ja, lat oss strida og lat oss tru
og byggja med tankar ei bivrande bru.
Og byggja med tankar ei bivrande bru
til den heilage høge framtid.

Me lever midt i ei villmannstid
med blinkande kniver og nevestrid.
Med blinkande kniver og nevestrid
og livet er som ein bloddraum.

Men vita skal me og vona visst
at ånd må vinna på troll til sist.
At ånd må vinna på troll til sist,
og vit på den varge-villskap.

Så lat oss tru og strida som menn!
For trui er, som det skrive stend.
For trui er, som det skrive stend,
den makt som vinner på verdi.


Kan ånd vinne over makt?
Jeg håper det.