Til Dagsnytt radio

Av Norvald Aasen.

Dagsnytt radio kl 09.00 den 7. mai 2017, nyheitsopplesar, Anders Borgen Werring.

Som lisensbetalar påpeikar eg igjen desse usaklege og unyttige karakteristikkane som dei aller fleste av dykk i venstremedia brukar på politikarar og andre personar som de tydelegvis har antipati for.

I høve presidentvalet i Frankrike snakkar du i nemnde nyheitssending om "høyrepopulisten" Le Pen.

Sjølv om dette er meint som negativt stempel på kandidaten, så er det likevel slik at høgrepopulisme må sjåast på som dei som lyttar til folket - opinionen. Det gjer nemleg ikkje venstrekandidatane, for dei er seg sjølv nok, men dei får aldri negative stempel slengt etter seg frå slike som vi ser på som useriøse mediafolk og ditto journalistar.

Likevel: Er Marine Le Pen kandidat for noko parti eller uavhengig kandidat? Eller tilhøyrer ho eit parti som kallast Høgrepopulisme eller er det Front Nasjonale?

Både Brexit og Trump gav venstresida sjokk som dei tydelegvis har vanskar med å kome over, men der folket talte.

Vi får håpe på fleire slike sjokk frå Vesten sine underkua folkeferd i framtida!

Vi betalar lisens for å få seriøs informasjon frå statskanalen, den pol pot inspirerte og ofte useriøse nyheitsformidlinga, eller desinformasjonen, ser mange seg stadig meir lei av.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen