Den viktige journalistikken

Av Norvald Aasen.

Herr Stig Finslo, Journalisten:

Eg les i avisa Firda den 3. Juli -2017, eindel av din artikkel "Den viktige journalistikken". Det vil seie at eg bryr meg ikke å lese heile artikkelen som eg brotvis oppfattar som hylling og forherlegelse av journalistar som har vorte vår tid sine heilage kyr.

Men du startar med å skrive om Donald Trump som du hevdar har gjort journalistikken til folkefiende.

Men herr Finslo, snu litt på flisa! Skal vi heller ikke seie det slik at journalistikken og journalistane har gjort Donald Trump til folkefienden både i USA, i Noreg og elles over det meste av verda! Jamvel små born langt ned i barneskulen vert intervjua av journalistar for å få fram nedlatande uttalar frå dei om Donald Trump. Kven har små born sine idear frå?

Det har vel knappast vore ei dagsnyttsending i TV, radio eller aviser i Noreg, både under nominasjonsprosessen, under presidentvalet og etter presidentinnetjinga der ikkje Trump har vorte latterleggjort som tulling, udugeleg og anna negativt som dei har kunne finne på. Bilete av Presidenten har oftast vore av ei slik art at dette skulle gje publikum eit mest mogeleg negativt inntrykk av personen som amerikanarane valde til sin President!

Vi har etter valet sett at den politiske venstresida, som også nesten er einerådande innan media, ikkje har kunne forsone seg med at fru Clinton vart vraka til Det Kvite Hus og at herr Clinton ikkje fekk 4 nye år i huset saman med kjerringa. I reine borgarkrigsopptøyer med øydeleggingar og vald, ja tilmed drapsforsøk, har venstresida fått vist seg fram som udemokratiske og som ikkje klarar å forsone seg med at deira forføring av massane har slege feil.

At Trump tek igjen overfor media og journalistane etter all heksejakta dei har drive brukar så journalistane dette for å framstille seg sjølve som uskuldige og snille sussebassar.

I ingressen i din artikkel i Firda les eg dette: "Nå trenger vi politikere med vilje til å investere i vår demokratiske infrastruktur og den viktige journalistikken", (sitat). I denne setninga synes eg det meste er feil.

Jau, takk, eg trur verkeleg at journalistikken og dens stab har fått nok både av økonomiske og andre goder. Når du kallar dagens journalistikk for demokratisk infrastruktur så lurer eg på kva klode du oppheld deg på. Eg sjølv er på jordkloden med begge beina og har såleis opplevd den udemokratiske journalistikken og media slik den fortonar seg for meg, og for mange med meg.

Eg skal ikkje gå vidare for eg gadd ikkje å lese alt du skreiv i din ordorgie om den heilage journalistikken og kor viktig den er for "demokratiet" i samfunnet. Eg vil heller seie at samfunnet treng ikkje lenger dette instrumenet frå ei politisk rørsle til dagleg hjernevask av folket.  

For meg har norske media vorte gode på falske nyheiter og oppslag, eller som nokon seier lygarmedia. Vestlege media opererar no meir som ein stat i staten og står stadig fram som ufeilbarlege og utolelege for kritikk.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen