Til Johs. B. Thue, Balestrand


Kommentar til din artikkel om Listhaug og manifestet fra Breivik, i Firda 14.08, 2017: 

Det var ein svært simpel hatartikkel du hadde mot Sylvi Listhaug og Fjordmann i nemnde Firda. Slikt tek avisa inn, men når eg kommenterer utspel og intervju med Lidvin Osland i Firda så får eg brevet i retur med beskjed om at innlegget vert ikkje trykka utan at det er skrive om. Vi har berre å vere audmjuke overfor dei "rettruande" i samfunnet!

Og så er no både du og Osland, og Firda saman med mange andre aviser, i lomma på AP og LO. Så de har vel såleis ein særstilling når det gjeld retten til ytringar?

Kva er Fjordmann straffa for, herr Thue? Samanliknar du Listhaug sine meiningar med udåden til Breivik? Skal ein ikkje kunne ha meiningar om ei politisk sak, for mange den viktigaste politiske saka i vårt land si historie, utan å verte kriminaliserte og framstilte som dommedagsprofetar?

Er alt tankegods på og frå venstresida det einaste rette, herr Thue? Kva har ikkje Sylvi Listhaug vore utsett for av skuldingar og skjellsord frå dykk politisk korrekte i samfunnet?

Du skuldar Listhaug for hatretorikk. Fylgjer du med i retorikken på di venstreside, om ikkje så les det vedlagde frå AUF under Trond Giske. Dette ville eg tru at anstendige menneske også på venstresida, om dei finns, ville kjenne avsky av. Dei som denne gjengen dykkar kalla jævla nazisvin var faktisk med på å frigjere Noreg frå naziokkupasjonen. Og kven skaffa oss den okkupasjonen, Thue? Mykje av skulda for denne tragedia kan vel skuldast AP sin brotne gevær politikk i mellomkrigsåra. Der folk som seinare vart høgt på strå i samfunnet var aktive i å argumentere mot eit forsvar. Visstnok dreiv også nokre aktivt inne i militærleirane. Eg kunne nemne fleire namn, men du kan kome med desse sjølv.

Du skriv at Listhaug og Fjordmann omtalar islam som dommedag. Det er ikkje så rart om AP-folk ser på islam og dei samfunna som dei styrer som paradis til etterfylgjing. Partiet har i all si tid vore kritiske til vår tusenårige kristendom. Det har jamvel hendt at AP har gått på ein valsmell nettopp på den saka, men det veit vel historikaren Thue om? Og dei veit at når vår religion er knekt så er det ein som tek over, nemleg islam. Om du ikkje kjenner planane til Det Muslimske Brorskap om overtakinga av Europa, så han du få ein video om saka frå meg. Den videoen er til overmål laga av ein innvandra muslim i Noreg. Viss du, Thue, synes det som skjer i den muslimske verda liknar på noko anna enn dommedag, og at det er slike tilstandar du ynskjer deg i mitt land, så Gud hjelpe oss!

Du er truleg også kjend med at heile nord-Afrika og midt-Austen i tidlegare tider var kristne områder, no er alt dette muslimsk, og muslimane strøymer derfrå og til det kristne Europa. Kvifor dette, Johs. B. Thue? 

Og når dei så kjem hit så skal dei ha med seg sin religion til vår verdsdel, godt hjelpte av miljøer og krefter her.

Som ein imam i Belgia uttrykte seg: Det er klart at vi overtek Europa, og mange europearar konverterar til islam, og vi vil innføre sharialover her.
Er det slike framtidsutsikter du gler deg til, også du, Thue?

Når du samanliknar Listhaug sin retorikk med det Breivik stod for så kan det vere artig å minne om dette med bjelken i eige auge som ein ikkje vert var. Venstresida har alltid sett fliser i auga til andre, men bjelken i eigne auger har dei aldri lagt merke til. 

No er det slik at også dei store i AP nyttar uttrykk som har vore kjende frå anna tid og anna hald. Sjå berre her: "Støre i Aftenposten: Å gjenkjenne og ville tilhøre et "vi" er avgjørende for det jeg vil kalle samfunnets "samholdskraft". 

AP brukte i 1933 slagordet: "By og land, hand i hand". Nazistene hadde same året slagordet " Stadt und land hand in hand". Oversett til norsk vert desse slagorda identiske.
Joseph Goebbels forklarte kjernen i nasjonalsosialismen slik: " Å være sosialist er å underkaste sitt "jeg" til ett "vi", sosialismen er ofring av individetet til helheten". (Henta frå blogg.)

Ikkje så ulikt Støre og AP sitt store "vi", eller kva synes du Johs. B. Thue? Og så var det då dette med Jonas G. Støre sin "samholdskraft"! Nett same ordet, "samholdskraft" brukte visstnok også Quisling i si nyttårtale i 1941. Tilfeldig?

Finn deg ein god kost og fei litt for den "prektige" venstreeliten si eiga dør og prøv å sjå bjelken i eigne auge.

Lukke til.

Dessutan, med omsyn til Barcelona, var din dommedagshån mot Listhaug litt dårleg tima?

Med helsing
Norvald Aasen, indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen 

Brevet vert ikkje sendt til Firda då eg likevel vil få det i retur som uhøvisk tale mot ein politisk korrekt person. Men brevet vil verte lagd ut på ulike nettstadar og sendt til Listhaug. Eg er ikkje medlem i Frp, så det er sagt.
ds.