NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

onsdag 6. september 2017

Kjell Magne Bondeviks 70 årsfeiring

Bondevik tok farvel med F16-pilotene
Av Norvald Aasen.

Til Kjell Magne Bondevik

Eg har sett innslaget på Dagsrevyen vedrørande din 70-års dag den 3.sept. der du feira saman med overklassen og makteliten i Noreg idag den 1.sept. 2017.

Du stod opp og sa du har berre eit ord å seie til sosietetsgjestane, og deira skryt over deg, og det var dette: "Takknemlighet".

Til din 70 -årsdag vil eg glede deg med mi helsing som sikkert også vert delt av mange andre gode nordmenn: 

Vi føler ikke at vi har noko å vere takknemlege for overfor deg. Til det føler eg og mange andre at du ikkje forsvarte, eller forsvarar, nordmenn sin rett til å få ha landet vårt i fred, men at du saman med den øvrige eliten har delt mitt land ut til kreti og pleti, då helst til alle utanfor vår eigen kulturkrets. Og det er lite å takke deg for - svært lite, synes eg!

Dessutan var du statsminister då landet vart ført inn i to krigar, den skammelege krigen du var med på mot det serbiske folket for å lausrive Kosovo frå Serbia, slik at de kunne forære provinsen til dei muslimske albanarane.

Den andre elendigheita du drog Noreg inn i var Afghanistan krigen. Og eg minnest at vi såg deg stå på Ørlandet flystasjon og vinke farvel til jagarflya som skulle til den allereide maltrakterte steinrøysa for å bombe landet vidare til ein grushaug.

Eg finn ikkje noko å vise deg "takknemlighet" for, Kjell Magne Bondevik, om du så skulle verte 70 år til.

Norvald Aasen, 6983 Kvammen