Til redaktør, Finn Jarle Sæle, Norge idag

Av Norvald Aasen. 

Eg les ein av dine leiarar i denne veka si avis. Der er du millom anna inn på dette at vi på borgarleg side må røyste fram Venstre, og i beste fall slik at dei kan få 8-10 kandidatar på tinget. Venstre er ikkje slik det eingong var, då var dei nasjonale, idag er dei millom dei mest unasjonale. 

Nasjonalstaten og folket skal vekk, vi skal globaliserast. Hitler skulle skape det ariske tyske superfolket, Stalin skulle skape sovjetfolket, og derfor måtte nasjonale tankar vekk gjennom tvungen folkeflytting. Historia gjentek seg, vi skal verte dei globalistiske "superfolka".  

Eg er heilt usamd med deg!

Venstre si siste plan no, saman med Krf, er eit nytt asylopprør, landet og folket skal dø på svikarane sine alter. Vi er alt eit lite folkeferd som er i ferd med å verta avretta, både gjennom abortlova og gjennom masseinnvandring, og det går tydelegvis for langsomt for både Krf og Venstre, saman med dei fleste andre partia.

Kvifor ikkje få desse etterlengta 8 - 10 kandidatane frå PDK, eller Kystpartiet? Kvifor ikkje oppmode veljarane om å røyste desse partia fram, Sæle?

Har Venstre saman med krf vore noko anna enn ei pest og plage for den sitjande regjeringa, Sæle? Dei har jo vore på nippet å velte regjeringa ved fleire høve, og då i samband med regjeringa sine freistnadar på å stramme inn asyl-innvandringa, ein galskap som er i ferd med å kvele vår nasjon - som planen er!

Eg las også ein artikkel i NiD av ein gutunge som heitte Joel Ystebø. Han fortel om det heilt fortreffelege ved Krf. Er det avkristninga og abortlova som Krf gladeleg er med på som er så fortreffeleg for denne guten? Han burde vekse nokre tiår til på seg før han fortel oss si gladmelding om Krf. Då har han kanskje fått røynsle for kva han har vore med på å skape for folk og fedreland. Kanskje blåmandagen for slike vert raud nok? !

Nei, Finn Jarle Sæle: Venstre får aldri meir mi røyst, den gangen dei fekk det er mange tiår sidan, og då var det menn og kvinner som hadde ansvarkjensle for samfunnet som var mannskap i Venstre, og som la si ære i å gje sine gjerningar for det norske samfunnet, utan at dei skulle verte rike av den grunn. Slik er det ikkje i vår tid, og dette at ungar skal inn i styre og stell i samfunnet må berre gå galt avstad. For det fyrste er dei hjernevaska av globalistane og venstrekreftene gjennom oppveksten frå barnehagane til øverste skuletrinn. For det andre har dei aldri hatt noko befatning med arbeidsliv, og for det tredje så har dei null livsrøynsler på noko felt i samfunnet. Dei er som oppblesne tåkedottar som har givnadane å prate - prate og prate.

Men dei høver godt i den no så sterkt synlege diktaturrørsla på venstresida i samfunnet. Det er her dei er forma, og det er her planane er at dei skal nyttast, slik at samfunnet kan skapast i sosialismen sitt blodige andlet.

Og då, Finn Jarle Sæle og Norge iDag, då vert resultatet at vårt gamle folkeferd, nordmenn, går i grav eller i beste fall vert husmenn i det som eingong var vårt  folk sitt fedreland! Då dei rydja og bygde seg grender og så trudde dei at dei eigde rydningen sin. Men då visste dei heldigvis ikkje at det kom etterslekter som gav vekk tuftene og rydningane som dei hadde slite fram. Då viste dei ikkje at det kom unge skrikhalsar, og andre som la si ære i å forære bort den gamle arven! 

Med helsing, og ynskje om ei borgarleg regjering, utan Venstre og Krf.

Norvald Aasen, 6983 Kvammen