Vi mistet Frank

Av Norvald Aasen.

Til redaktørar og alle i Norge idag: Håpar de vil lese dette?

"Vi mistet Frank", skriv avisa i ein av sine leiarar.

Det er mogeleg at Norge i Dag har mista sin Frank.
Då har avisa mista noko som eg IKKJE har mista!

Eg har opplevd han som ein venstreradikal brautande sleivkjeft som har belært i aust og vest og slengt skit mot dei som ikkje har vore samd med han. Eg ser dette berre som at Vår Herre har nekta han vidare taletid i den venstreinfiserte media i landet vårt.

Det er nok truleg tungt for nokon å oppleve, (også dykk?) men hans bortgang kan sjølvsagt hausast opp slik at dei kan skape ein opinion av gråtande massar. Slik de også kan gjere når det gjeld Per Fuggeli.

Underteikna fekk ei oppleving frå han som fortalde meg det eg trong vite om denne maskotten på venstresida. Då avisa Firda i 2008 intervjua meg, og der eg sa at "Det er ei ære å kjempe mot innvandring", måtte avisa kontakte Aarebrot for å få hans karakteristikk av eit slik monster som meg. Og den var ikkje særs nådig:

Om Norvald Aasen synes det er ei ære å kjempe mot innvandring, då er han ein aktivist. Og slike er forskrudde. Det er berre dumme folk som sagar av den greina dei set på. "Eit fellestrekk blandt slike folk som har slike haldningar (som Aasen har, mi tilføying) er at dei ikkje er dei mest vellukka her i verda, seier Aarebrot".

Vel, eg har kanskje klart meg så toleg bra sjølv utan professortittel?
Så NiD må gjerne syrgje over Franken dykkar. Eg gjer det ikkje!

Eg kjem nok til å støtte avisa frametter, om eg då ikkje skulle verte nekta vidare abonnement som forskrudd, men det er mange ting i avisa som passar meg rimeleg dårleg. Noko eg også høyrer frå anna hold. Men så lenge Dan og Suissa skriv artiklar her finn eg litt glede i den.

Norvald Aasen, 6983 Kvammen