Ope brev til Stein Erik Lauvås, AP, stortinget

Stein Erik Lauvås (Ap)
Av Norvald Aasen.

Viser til innslaget på "Dagsnytt 18" den 15.12. 2017, med "debatt" mellom deg og Sylvi Listhaug om dei såkalla asylbarna, eller oktoberbarna.

Sylvi Listhaug skal ha skrive brev til dei andre partia på stortinget med ønskje om å få klårlagt kva dei meinar om desse sakene. Og dette vert ikkje teke nådig opp av opposisjonen. Tenke seg til å sende brev til desse som meinar å ha monopol på sanning og rettferd i samfunnet!

Så uttalar Lauvås dette: "Listhaug må dra tilbake til kontoret sitt og gjere jobben sin. Om ikkje ho klarar jobben så må ho finne seg noko anna å gjere på!"

For å nytte uttrykket frå ein annan "storheit" i Arbeidarpartiet, for ein drittsekk!

Vil minne Lauvås og hans våpendragarar om nokre linjer fra Juss.prof. Nikolaus Gjelsvik si forklåring på kva som er den rette træleæra:

"Hjå eit fritt og sjølvstendig folk er fedralandshug og nationalkjensle ei stor dygd. Hjå eit underkua folk derimot den største udygd og det største lytet. Ein som hev dette lytet vert rekna som ein låk kar og er lite velsedd hjå dei styrande, kor mykje godt han so gjer. Men den, som som sputtar på sitt eige folk, og på det som høyrer folket til, han vert velsedd hjå framandherrane. Den mannen kan dei bruka! På den måten dreg framandstyre fram dei låke elementa i folket, og held dei gode nede." (Utdrag av det Gjelsvik kallar den rette træleære.)

Slik brukar fleirtalseliten si rå makt for å halde Listhaug nede! Dei vil ha henne bort! Eliten vil ha opne grenser! 

Listhaug gjere ein betre jobb enn nokon annan har brydd seg med å gjere gjennom dei siste 50 åra innan dette feltet. Tek då med byrjinga av framandinnvandringa på slutten av 1960-talet då Odvar Nordli sat som kommunalminister og ikkje klarte den jobben han då skulle ivareta. Og berre let ting skure og gå.

Truleg er det mange andre, også innan Arbeiderpartiet, som ikkje har klart jobbane sine, men for Listhaug er det ikkje lett når ein kompakt fleirtalselite står imot henne i alt ho prøver å gjere til beste for folk og land. Så det er visst mange andre enn Listhaug som burde finne seg andre ting å gjere.

På stortinget er nok mange slike meir til skade enn gagn, då dei gjer uboteleg skade for samfunnet vårt med krava sine om opne grenser. Men så har jo opposisjonen stortingsmeldinga fra fru Brundtland frå 1979 å halde fast ved. Der står det i klår tekst korleis Norge skal omformast, og dette veit fleirtalspolitikarane å setje ut i livet.

Det ho og Ap har bestemt treng folket verken å vite om eller å gje si tilslutnad til. Eliten veit best! Og som ein annan, jamvel "professor", har gjort til litt livsverk: Dekonstruere majoriteten (oss) og gjere det så grundig at vi aldri meir vert ein majoritet i eige land. Så, Lauvås, det er "idealistiske" planar de har for folk og land. Sylvi Listhaug passar nok ikkje inn der, og det talar til hennar fordel!

Og når det gjeld desse "mindreårige asylsøkjarane" som kjem "åleine" til landet, så er dette eit bedrageri, og propaganda, som opposisjonen gjer sitt beste for å mate folket med. Vi skal ha krav på oss til å fostre opp born og unge frå andre delar av verda der barnebegrensing er eit fyord.   

I det siste har vi høyrt om innvandrargjengar som driv med vald og narkotika i Oslo, og då også i Grorud bydel. Då byrådsleiaren for AP, Raymond Johansen, vart intervjua i samband med desse sakene hevda han at "Grorud var ein idyll". Så vi veit korleis de ynskjer dykk at dette landet skal verte i framtida. Og at etnisk norsk ungdom vert banka opp og trakasserte av innvandrargjengar får dykk nok ikkje til å glippe med augo. Det er forståleg at dei som vil framelske eit slikt samfunn ikkje toler synet av Listhaug og at dei ber henne forsvinne frå den viktige jobben ho gjer.

Men for min del, og for mange andre sin del også, vil eg tru, så er tida overmoden både for Lauvås og mange andre å finne seg noko anna å drive med enn det å øydelegge og framandgjere tidlegare tiders verk skapt av krøkte ryggar og slitne hender. Det er slitarane sin arv til oss Sylvi Listhaug vil verne om. Slikt likar ikkje opposisjonen, anten dei er raude, gule eller grøne! Også Senterpartiet finn hugnad i å setje krokfot for Listhaug. Heller ikkje i det partiet synes  det lenger å vere interesse for å verne om vårt gamle folkeferd og vår nasjonale heimstad. Ein samla opposisjonen kved: Norge for alle - og mest for andre!    

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tel: 57731844