Kven burde beklage?

Av Norvald Aasen.

Ope brev til Erna Solberg, Sylvi Listhaug, Jonas Gahr Støre m. fl.

Så er Sylvi Listhaug pressa til å be om orsaking for noko som er oppkonstruert og som ikkje hadde samanheng med hennar omtalte Facebook innlegg om Syriakrigarar. Dette forstår mange ute i grasrota og det er sterke utsegner mellom mange korleis dette er vorte vridd over på noko som skulle råka Justisministeren.

Mange meinar at andre burde be Justisminister Sylvi Listhaug om orsaking for at dei har kobla hennar Facebook innlegg, som handla om å trekke tilbake pass for Syriakrigarar, til ugjerninga på Utøya i 2011. Underteikna er mellom dei som meinar at ei slik orsaking til Listhaug ville vore det rette.

Men no er det slik at vårt samfunn lever etter dei politisk korrekte føringane der nokon vert hakkekyllingar medan andre hakkar i fri utfalding og med offisielle institusjonar sin øyredøvande applaus.

Og så tenkjer vi også over kva ordbruk som dei politisk korrekte har nytta overfor Sylvi Listhaug. Her burde det verkeleg vere mange som skulle kjenne seg kalla til å be Justisministeren om orsaking. Men rettferd er ukjent i eit politisk korrekt samfunn der dei politisk korrekte miljøa har sett normene.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tlf: 57731844