Suverenitetsavståing til EU

Av Norvald Aasen.

Herr Jonas Gahr Støre, AP-leiar.
Her kjem nokre tankar fra det som eg trur er den forakta grasrota, (i tider då vi ikke er valkveg).

På radionyheitene i dag, 10. mars 2018, vert det sagt at Klassekampen fortel at du skal ha åtvara fløyen i AP som ikkje vil tillate suverenitetsavståing til EU om vasskrafta vår. Her får vi fortalt at du skal ha uttala at om ikkje Noreg går med på denne utflagginga av krafta vår så kan EU straffe norsk eksportindustri.  Dette er vel rimeleg avslørande for både EU og deg.

EU vil altså straffe ein stat som ikkje vil legge sine naturressursar inn under deira imperialistiske regime, og du, Støre, vil altså kapitulere overfor EU-overmakta ved å avhende våre nasjonale verdiar.

Eg vil minne deg om, AP-leiar, at det finns ei verd utanom EU. No har AP-Jagland eingong gjeve Nobels fredspris til det imperialistiske EU, som altså viser seg, slik vi må forstå deg, er på jakt etter andre land sine naturressursar. Kanskje finns det nokre EU-tilhengarar også i dagens Nobelkomite som kan sikre endå ein ny fredspris til dette maktsystemet i Europa, og som kan redde eksportindustrien for deg?

Om dagens melding frå Klassekampen er rett så synes eg du, Støre, har avslørt både deg sjølv og EU.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen