Dagens avis!

Av Norvald Aasen.

Til redaksjonen i Norge i Dag.

Eg las eit fantastisk godt lesarbrev frå Kjersti Andrea Storhaug om Erna som bad norske kvinner føde fleire born.

Men kvifor det? Er det vits i å påbegynne eit fosters liv når samfunnet er velvilleg gjennom lovverket til å ta livet av dette fosteret i mors mage? Vert det fleire born av dette?

Men fosterdrapslova har ein annan funksjon: Når systemet årleg tek livet av tusenvis av born av vår eiga ætt  samstundes som vi vert fortalde at vi treng framand innvandring for å skaffe arbeidskraft til samfunnet då er det ei større sak som er på gang. Og det er ei utskifting av det gamle folket som har budd og bygd dette landet gjennom tusenvis av år.

Kristin Clemet sa på ein næringslivskonferanse for ein del år sidan i samband med debatten om innvandring dette. "Om hundre år er allting glemt, vi er alle bare blitt noe mørkere i huden". Ho fekk applaus frå tilhøyrarane, fekk vi vite.

Skulle ikkje dette fortelje oss kva saka dreiar seg om?

Fosterdrap på vår eiga ætt, medan det vert arbeidd for høg innvandring, og det helst frå ikkje vestlege land, kva er så resultatet av ein slik politikk? Jau, resultatet er at vårt gamle folkeferd møter veggen og vert fortrengd, slik vi har sett resultatet har vorte for mange folkegrupper som har vorte innvaderte gjennom folkevandringar og krigar!

Det er ein slik politikk, og ei slik lov, Støre og Erna debatterte på Debatten for ei tid sidan. Erna vedgjekk at ho hadde stått på barrikadane for abortlova i sine ungdomsår, og Støre meinte at lova hadde fungert godt gjennom dei 40 åra den hadde verka. Eg bed Erna og Jonas G. Støre gange opp årlege aborttal (forsiktig tal kan vere 15000 årleg) gjennom 40 år med abortlov. Då kan dei tenke seg om, om dei skulle vakne i seine nattetimar slik mange av oss andre gjer, og fundere over utsegna om at ei slik lov har fungert godt.  Fungert godt, for kven? Tenke seg til at ein liten nasjon har slike leiarar!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

(Brevet vert også sendt til Støre og Erna)