Er du diktator, Erna Solberg?

Av Norvald Aasen.

Til Erna Solberg, statsministerens kontor.

Eg les på nettet i dag, 02.03. 2019, at du vil kaste Ungarn sin Statsminister Orban ut av Europa-samarbeidet.

Er du ein diktator, Erna Solberg, som meinar du har rett til å avgjere kven som skal vere leiarar i andre land?

Viktor Orban forsvarar sitt folk og sitt land! Det vil eg hevde at du Erna ikkje gjer! Ungarn har levd under kommunismen i 50 år og veit kva undertrykking denne politiske galskapen og vanviddet inneber.

Ungararane har truleg fått nok av å måtte bøye nakken for framande herskarar, dei ønskjer truleg heller ikkje deg, Erna, saman med Merkel og Macron som nye diktatorar. Eg er gamald nok til å hugse då Sovjet slo ned folkeopprøret i landet i 1956. Det hugsar ikkje du Erna. Og det bryr du deg truleg heller ikkje om?

Eg vil også fortelje deg at då du under medaljesermonien i Seefeld den 1. mars d.å. inntok podiet for å dele ut premiar til stafettlaga syntest eg den norske toskeskapen hadde strekt strikken altfor langt for meg.

Dermed slo eg av TV-en før du var ferdig. Kanskje får omverda eingang nok av den "norske" sjølvgodheita og toskeskapen? Men dei orkar det vel så lenge det finns oljepengar att til utdeling i den vide verda.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tel: 57731844