Ope brev til Karin Andersen, SV.

Karin Andersen, SV.
Av Norvald Aasen.

Eg såg her om dagen at du, Karin Andersen, hevda Noreg hadde plikt til å hente IS-familiane hit.

Kanskje er det på tide at vi nordmenn får avgjere korleis vi vil ha vårt samfunn i framtida? Når det gjeld innvandring og framandgjering har vi ikkje vorte høyrde av dykk i makteliten om kva som skal verte vårt folk sin lagnad frametter. Det undrar meg ikkje at SV og "biskopane" går hand i hand for å plante IS i landet vårt. Begge partar tilhøyrer visst same reiret for tida.

Eg synes at IS-barna og brudene, og gjerne også krigarane, skal få kome heim der dei kjem frå, men det er så visst ikkje frå Noreg, men gjerne frå Solmalia, Pakistan eller andre land der dei har sine eigne.

Det er vel også slik at personar skal straffast i det landet og i det området der dei har utført brotsverka sine. Ein annan ting er at muslimane er svært opptekne av å ta godt vare på familiane sine, enten det gjeld deira born eller kvinner. Så difor meinar eg at dei vil ta godt vare på desse mykje omtala IS-borna og krigarane sine kvinner.

Vil også minne ein stortingsrepresentant for SV, deg, om Artikkel 1, Del 1 i FNs internasjonale konvensjonar om Menneskerettar, der det heiter: "Alle folk har selvbestemmelsesrett. I kraft av denne rett bestemmer de fritt sin politiske stilling og fremmer fritt sin økonomiske, sosiale og kulturelle utvikling".

Kanskje kan vi nordmenn pårekne at denne artikkelen og ordlyden også gjeld oss, sjølv om fleirtalet av politikarar og partier har halde oss utanfor å delta i avgjerer som vedkjem oss som eit folk med lange historiske røter i Noreg.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen